Hopp til innhold

Har du eit friår – eller vil du prøve noko nytt?Tilkallingvikar Omsorg og sjukeheim

Arbeidsgiver

Helse, omsorg og velferd

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar - Omsorg og sjukeheim
Type ansettelse
Annet, deltid 1%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

I tenesteområdet Omsorg og sjukeheim er det behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar. 

Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle vikarar som vil jobbe med menneske!
Om du vurderer eit friår frå studiar, ønskjer eit miljøskifte, eller berre har lyst til å gjere ein forskjell i kvardagen til andre – då vil vi gjerne høyre frå deg! Oppgi i søknaden kva avdelining du søkjer på.
Erfaring frå helse og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav – opplæring vil bli gitt. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte 
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursa
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som bur på avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar, men helsefagleg eller sosialfagleg utdanning er ønskeleg 
  • Ynskjeleg med praksis annan for pleie og omsorg
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
  • God i norsk munntleg og skriftleg
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Du er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
  • Du har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
  • Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar

    Stillinga er plassert i HTA kap. 4.

    Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
    Grete Hagen Myklebust, Avdelingsleiar Solkroken, 47906953, grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no
    Arja Hietanen, Konst. avdelingsleiar Bakketun, 48123801, arja.helena.hietanen@orsta.kommune.no
    Marit Steinnes, konstituert avdelingsleiar Korrtidsavdelinga, 480 70 965, marit.steinnes@orsta.kommune.no
    Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
    Nina Måseidvåg, Avd.leiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
    Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Håkonsgata 78
    6150 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5003713793
    Stillingsprosent: 1%
    Vikar
    Søknadsfrist: 15.12.2025

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6912ebb8-6868-4877-a251-0dc8dd1f90ee

    Sist endret

    16. desember 2025

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b124be6134074418a3519c3e4661ed67

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser