Rektor
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Vil du vere ein del av eit nytt og framtidsretta leiarteam ved Gimle skule? Fyresdal kommune søker etter rektor. Jobben for deg med ambisjonar og kunnskap om framtidas skule.
Stillinga er ledig frå 01.08.2026.
Vi søker også assisterande rektor.
Om Fyresdal kommune – ein arbeidsplass i utvikling
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "Vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn – for innbyggarar, næringsliv og tilsette. Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon, og har ambisjonar om å ta ei leiande rolle nasjonalt innan kunstig intelligens (KI) og digital utvikling. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst.
Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Her finn du eit levande lokalsamfunn med engasjerte innbyggarar, rike kultur- og friluftstilbod og gode oppvekstvilkår. I Fyresdal får du høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse. Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune med store ambisjonar.
Fyresdal kommune søker etter rektor til Gimle skule. Stillinga er knytt til sektor for kultur og oppvekst og inneber varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 140 elevar og skulefritidstilbod.
Sektor for oppvekst og kultur har klare strategiar, der helse, fritid, lag og frivillige er naturlege samarbeidspartnarar. Heilskapleg og likeverdig oppvekstperspektiv er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel. Som rektor vil du møte ei samla leiargruppe i sektor og inngå i kommunedirektørens utvida leiargruppe med fokus på utvikling og leiing.
Som rektor er du innovativ, engasjert og vil ta skulen inn i framtida ved å styrke profesjonsfellesskapet, fylgje opp endringsprosessar og leie vidare utvikling. Du vil møte eit etablert tverrfagleg skulemiljøteam, ein framtidsretta pedagogisk-psykologisk teneste, tilsette med høg og samansett kompetanse, eit godt foreldresamarbeid og fokus på læringsmotivasjon og meistring.
Vi har fine lokalitetar og alt samla innanfor ein radius på 200 meter. Dette gjer det trygt og kostnadseffektivt.
Du vil rigge skulen for befolkningsauke og nye elevar og ha ei viktig rolle i stads- og samfunnsutvikling i Fyresdal.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og rettleiing
- Samhandling med tilsette, elevar og føresette, ulike team og administrasjon
- Forvalte skulens totale ressursar på ein måte som sikrar god undervisning og læring
- Faste samarbeidsmøter i skulen, i sektoren, i utvida leiargruppe og regionale nettverk
- Økonomiansvar for skule og SFO
- Bidra i tverrfagleg samarbeid
- Sakshandsaming og oppfylging av lovverk
- Ansvar for skulen sitt pedagogiske og organisatoriske utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Formelle krav
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg .
- God digital kompetanse og kjennskap til skuleadministrative verktøy.
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Rektorutdanning.
- Erfaring med pedagogisk arbeid og personalarbeid.
- God økonomisk forståing.
- Kjennskap til offentleg sektor og skulen si rolle i eit tverrfagleg samarbeid.
- Erfaring med utviklings- eller kvalitetsarbeid.
- Strukturert med god gjennomføringsevne.
- Engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Motivert for å vere del av ein kommune i utvikling.
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Trygg, tydeleg og samlande.
- Samarbeidsevner med gode kommunikative og relasjonelle ferdigheiter
- Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
- Gjennomføringsevne, strukturert og god oversikt.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Trivst med varierte arbeids- og ansvarsområde.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein givande jobb der du kan utvikle deg både fagleg og personleg.
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å påverke og utvikle kommunale tenester.
- Ein kommune med satsingsområde på barn og unge.
- Fortløpande opptak i barnehage og skulefritidsordning.
- Etter eitt års busetting og arbeid i kommunen kan du søke om sletting av studielån gjennom Lånekassen si statlege ordning (Fyresdal = sentralitetsklasse 6).
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsettingsvilkår
- Krav om politiattest ved tilsetting.
- Teieplikt etter gjeldande regelverk.
- Seks månadar prøvetid.
Namn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.
Kontaktinformasjon
Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97 76 02 21Arbeidssted
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5069195369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Liv Johre Bakke
Kommunalsjef kultur og oppvekst
+47 97 76 02 21
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
604b07e2-9bd8-485a-9504-5ee894179bdb
- Sist endret
28. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f62ffee124c41a385afd26ff2e552a5
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Kyrkjeverje / dagleg leiar
Arbeidsgiver
Fyresdal Sokn, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal