Assisterande rektor
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterande rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Stillinga er ledig frå 01.08.2026.
Vi søker også rektor.
Om Fyresdal kommune – ein arbeidsplass i utvikling
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "Vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn – for innbyggarar, næringsliv og tilsette. Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon, og har ambisjonar om å ta ei leiande rolle nasjonalt innan kunstig intelligens (KI) og digital utvikling. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst.
Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Her finn du eit levande lokalsamfunn med engasjerte innbyggarar, rike kultur- og friluftstilbod og gode oppvekstvilkår. I Fyresdal får du høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse. Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune med store ambisjonar.
Fyresdal kommune søker etter assisterande rektor til Gimle skule. Stillinga er knytt til sektor for kultur og oppvekst og inneber varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 140 elevar og skulefritidstilbod.
Sektor for oppvekst og kultur har klare strategiar, der helse, fritid, lag og frivillige er naturlege samarbeidspartnarar. Heilskapleg og likeverdig oppvekstperspektiv er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel.
Som assisterande rektor har du ei viktig rolle i leiarteamet. Stillinga kombinerer leiaransvar med eit tydeleg ansvar for fagleg, pedagogisk og organisatorisk utvikling med spesielt ansvar for skulemiljø, i tett samarbeid med rektor. Du vil møte eit etablert tverrfagleg skulemiljøteam, ein framtidsretta pedagogisk-psykologisk teneste, tilsette med høg og samansett kompetanse, eit godt foreldresamarbeid og fokus på læringsmotivasjon og meistring.
Vi har fine lokalitetar og alt samla innanfor ein radius på 200 meter. Dette gjer det trygt og kostnadseffektivt.
Arbeidsoppgåver
- Delta i leiaroppgåver knytt til skulen sitt pedagogiske og administrative arbeid.
- Ansvar for skulemiljøteamet og kapittel 12 i Opplæringslova.
- Fast samarbeidstid med rektor og leiargruppa.
- Stedfortredar for rektor.
- Ansvar for skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid i samarbeid med rektor.
- Bidrage i skulens kvalitets- og forbetringsarbeid.
- Rettleiing og fagleg støtte til lærarane.
- Bidra til timeplanlegging og bemanningslogistikk.
- Medansvar rundt skulens digitale og skuleadministrative system.
Andre relevante oppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov, kompetanse og erfaring.
Kvalifikasjonar
Formelle krav
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
- Arbeidserfaring frå skulen.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse og kjennskap til skuleadministrative verktøy.
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
- Erfaring med pedagogisk arbeid og personalarbeid.
- God økonomisk forståing.
- Kjennskap til offentleg sektor.
- Erfaring med utviklings- eller kvalitetsarbeid.
- Engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Motivert for å vere del av ein kommune i utvikling.
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Har gode samarbeidsevner og relasjonell kompetanse.
- Er engasjert, løysingsorientert og har evne til å skape tillit.
- Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
- Gjennomføringsevne, strukturert og god oversikt.
- Trivst med varierte arbeids- og ansvarsområde.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt .
Vi tilbyr
- Ein givande jobb der du kan utvikle deg både fagleg og personleg.
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å påverke og utvikle kommunale tenester.
- Ein kommune med satsingsområde på barn og unge.
- Fortløpande opptak i barnehage og skulefritidsordning.
- Etter eitt års busetting og arbeid i kommunen kan du søke om sletting av studielån gjennom Lånekassen si statlege ordning (Fyresdal = sentralitetsklasse 6).
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsettingsvilkår
- Krav om politiattest ved tilsetting.
- Teieplikt etter gjeldande regelverk.
- Seks månadar prøvetid.
Namn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52Arbeidssted
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5069238562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Anders Bergsland
Rektor Gimle skule
+47 97 73 41 52
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04364f7b-2881-4c89-bd11-976b01c75e20
- Sist endret
28. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cda91d4803ee4df69c0eb97bb277dcad
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Kyrkjeverje / dagleg leiar
Arbeidsgiver
Fyresdal Sokn, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal