Hopp til innhold

Blomsterdekoratør: Spre blomsterglede i Vinje!

Arbeidsgiver

Blomen Vinje As

Sted

Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Blomsterbinder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
- Om Blomen

I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter -- både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.

I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.

Me er opne for ulike stillingsprosentar, avhengig av kven som søkjer -- skriv gjerne kva som passar for deg.

Blomsterdekoratør -- heil stilling (annan stillingsprosent etter avtale)

Me søkjer ein kreativ og fagleg sterk blomsterdekoratør som brenn for blomar, estetikk og gode kundeopplevingar.

Arbeidsoppgåver
  • Lage vakre bukettar og dekorasjonar til kvardag og større markeringar.

  • Stell og vareeksponering av snittblomar og planter.

  • Sal, kundeservice og dagleg drift av butikken.

  • Bidra i teamet og ta del i ulike oppgåver etter behov -- me jobbar breitt og hjelper kvarandre.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Fagbrev som blomsterdekoratør er ynskjeleg; relevant erfaring kan kompensere.

  • God estetisk sans og interesse for faget.

  • Arbeidskapasitet og struktur, særleg i travle sesongar.

  • Serviceinnstilt, positiv og glad i folk.

  • Førarkort klasse B.

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Om bedriften

Blomen flyttar inn i nye, flotte lokale i februar og byggjer vidare på over 20 år med blomsterglede i Vinje. No søkjer me nye medarbeidarar som vil vere med å utvikle eit inspirerande grønt senter for lokalsamfunnet.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5f267d9b-91d5-4a22-bbcb-14183e72c8fa

Sist endret

31. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

5f267d9b-91d5-4a22-bbcb-14183e72c8fa

Lignende annonser

Laster lignende annonser