Hopp til innhold

Ungdomsklubbarbeidar

Arbeidsgiver

Hå kommune Fritid

Sted

Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar).

Det er ledig ei 20 % fast stilling som ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune. Arbeidsområdet er for tida knytt til Ogna ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på torsdagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar.

Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast.

Arbeidsoppgåver
• Bistå klubbleiar med å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement
• Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane
• Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane
• Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding
• Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi
• Planleggje og gjennomføre arrangement
• Noko helgearbeid må påreknast

Kvalifikasjonar
• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet
• Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar
• Gode kommunikasjonsevner
• Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser
• Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar
• Engasjert i menneska rundt deg
• God på relasjonsbygging og konflikthandtering
• Praktisk anlagt
• Godt humør og stå-på-vilje
• Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
• Løysingsorientert og fleksibel
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr
• Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet
• Løn etter tariffavtale

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatt til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leveras før tiltreding.

Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Andreas Austrheim

Leiar

41532617

anau@ha.kommune.no

Om bedriften

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5f1a1980-c97a-4b43-a0a3-0fd2b4f497a1

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3630633_201811_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser