Hopp til innhold

Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?

Arbeidsgiver

Ølensjøen FUS barnehage as

Sted

Litlehagen 4, 5580 Ølen

Om jobben

Oppstart
10. august 0026
Stillingstittel
barne- og ungdomsarbeider/pedagogisk medarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

I Ølensjøen har me ledig 100% fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar frå 10.08.26. Seinare oppstart kan evt.  avtalast. 

Obs! Kort søknadsfrist.

Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med
barna på denne reisa. 

Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å være respektfulle, vise omsorg og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å være ute og på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.


Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar?
Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar? 

Ja? Då kan det være akkurat deg me ser etter!

Me tilbyr:

* Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida
* God rettleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast
* Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear
* Gode løns- og pensjonsvilkår
* Eigne FUS-klede

Arbeidsoppgåver:

* Leggje til rette for at barna får utvikle seg gjennom leik, aktivitet og samspel
* Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen
* Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og aktivitetar
* Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede


Me ser etter deg som:

* Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer
* Likar å engasjere deg i leik - ha ekte begeistring for samvær med barn
* Er fleksibel og ser løysingar
* Har gode ferdigheter i norsk


Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring.
Tilsetjing føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova, denne må leverast før eventuell tiltreding i stillinga. 

Kontaktperson for stillingen

Jenny Haugland Gundersen

Dagleg leiar

53766220

dl.olensjoen@bhg.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5e8980f7-d731-47ab-859a-ad6d999448e0

Sist endret

23. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

05d69e0dedf046f69f9e7791b0f7cc04

Lignende annonser

Laster lignende annonser