Hopp til innhold

Fagkonsulent

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hagan 9, 6516 Kristiansund N

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagkonsulent
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2

Vi søkjer no etter to engasjerte og kompetente fagkonsulentar. Den faste stillinga er for tida i vårt ROP-team, og vikariatet for tida i eit av våre allmennteam.

Som fagkonsulent vil du få ei spennande og variert rolle innanfor helse- og sosialfagleg arbeid. I seksjonen er vi om lag 20 fagkonsulentar med ulik fagleg bakgrunn – frå psykiatriske sjukepleiarar til sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar – alle med vidareutdanning. Hos oss vil du jobbe tett saman med andre helse- og sosialfaglege spesialistar som legar, psykologar, fysioterapeutar.

 

Om oss

Poliklinikken vår ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og rus. Vi nyttar eit breitt spekter av behandlingsformer – ulike former for samtaleterapi individuelt og i grupper, og medikamentell behandling der det er naudsynt. Poliklinikken har brei kompetanse innan fleire terapeutiske retningar, mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv og mentaliserings terapi, gruppebehandling, motiverande intervju og traumebehandling. Behandlinga blir alltid tilpassa den enkelte pasient basert på utgreiing og behov.

Poliklinikken vår har om lag 54,5 tilsette og er organisert i ulike team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som held til utanfor poliklinikken.

ROP-teamet (Rus- og psykiatriteamet) vårt tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderat til alvorleg rus- og avhengigheitsproblematikk i kombinasjon med psykiske lidingar. Vi nyttar blant anna kognitiv terapi, motiverande intervju, gruppebehandling og medikamentell behandling i oppfølgingsarbeidet, og jobbar tett saman med kommunale tenester og andre aktørar for å sikre heilskapleg behandling. Allmennteamet behandlar på si side breidda av allmennpsykiatriske problemstillingar – frå angst og stemningslidingar til psykose og personlegdomsutfordringar – med individuelt tilpassa behandlingsløp for kvar pasient. 

Oppstart på fast stilling er 01.02.26, og 1 års vikariat med oppstart frå 01.01.26.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av rus og psykiske lidingar i samarbeid med spesialist
  • Delta regelmessig i tverrfaglege behandlingsmøter, veiledning og vere med på alle faste møte
  • Delta i diverse samarbeidsfora rundt pasienten
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning frå høgskole/universitet
  • Fortrinnsvis sykepleiar, sosionom eller vernepleiar 
  • Vi ønskjer at rett kandidat har erfaring frå denne type arbeid eller tilsvarande
  • Det er sterkt ønskjeleg at ein har terapiutdanning i tillegg til grunnutdanninga
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er strukturert og målretta
  • Du er nytenkande og endringsorientert
  • Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for vidare- og etterutdanning
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV. 

Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.no

Arbeidsstad

Hagan 9
6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5044251025
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5e6da295-95ad-49b1-8112-ecbcbc1c3d59

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e83364f232124bfa9f2366996e9e62fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser