Helge- og tilkallingsvikar
Omsorgstenestene i Sula kommune
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Helge- og tilkallingsvikar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeuter, studenter og skuleelevar.
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar.
Vi behandlar søknadar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Du kan søke deg til desse avdelingane:
SULATUNET
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga.
Kjøkkenet ved Sulatunet leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden.
HEIMETENESTENE
Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg).
Molværsvegen 11 er eit bufelleskap for menneske med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som inneheld eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til bebuearane, samt miljøarbeid.
BUKOLLEKTIVA
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa. Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime.
Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
BU- OG AKTIVITETSTENESTA
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring.
Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer primært personar med fagutdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller deg med erfaring og interesse for slikt arbeid.Attestar og vitnemål skal leverast etter avtale.
Krav om politiattest i alle avdelingane.
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i og om du har førarkort
Vikarar ved Heimetenestene og Bu- og aktivitetstenesta må ha førarkort.
Personlege eigenskapar
Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du må kunne arbeide både sjølvstendig, i samhandling med andre og vise deg fleksibel i arbeidskvardagen.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad
Husk å oppgi referanse
Vi tilbyr
Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring med eige introduksjonskurs for vikarar
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb
Bonusordning i ferieavviklingsperioden
Mulighet for stipendordning.
Tilpassa turnus/turnusordning
Lønn etter tariff
Gratis parkering
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål
Kontaktinformasjon
Anitra Kringstad, Avdelingsleiar, 90761914, Anitra.Kringstad@sula.kommune.noCharlotte Vik, Avdelingsleiar Geilneset, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no
Susanne Paulsen Giske, Avdelingsleiar, kjøkken, susanne.paulsen.giske@sula.kommune.no
Line Østrem Bjørnevik, konst.einingsleiar/avd.leiar Sulatunet korttid-/rehab, 47518270, line.ostrem.bjornevik@sula.kommune.no
Randi Åkernes Måseidvåg, Avdelingsleiar Erindringssenteret, 90234329, randi.akernes.maseidvag@sula.kommune.no
Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar Sulatunet, langtidsavd., 90153607, bente.mariann.strommen@sula.kommune.no
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar HBO Indre, 47621378, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarkvegen, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no
Silje Vestre Størksen, Avdelingsleiar Molværsvegen 11, 95710266, silje.vestre.storksen@sula.kommune.no
Eli Karin Hageløkken , Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 46881441, eli.hagelokken@sula.kommune.no
Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden, 47621378, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar HBO Ytre, 95710263, solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Sloghaugvegen 136030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4749663388
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Line Østrem Bjørnevik
konst.einingsleiar/avd.leiar Sulatunet korttid-/rehab
47518270
Randi Åkernes Måseidvåg
Avdelingsleiar Erindringssenteret
90234329
Bente Mariann Strømmen
Avdelingsleiar Sulatunet, langtidsavd.
90153607
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2527496
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f0c9ef670aab40e99ce97a721eea1d7f