60% vikariat - undervisning innanfor økonomiske fag.
Måløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- 60% vikariat - undervisning innanfor økonomiske fag.
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. mai
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Helsefagarbeidar, Restaurant- og matfag, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og oppfølging av elevar i økonomistyring og økonomi og leiing ved studiespesialiserande programområde.Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre
Kvalifikasjonar
- Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag.
- PPU eller anna godkjend undervisningskompetanse.
- Gode didaktiske og pedagogiske ferdigheter.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss ein lærar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
- Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere.
- Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
- Kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga, både sjølvstendig og saman med andre.
- Er kreativ, inkluderande og løysingsorientert .
- Kan bidra aktivt inn i eit kollegiefelleskap som ønskjer å utvikle skulen og kvaliteten på opplæringa.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no
Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Kari Silden Sølvberg, avdelingsleiar, 91753918, kari.silden.solvberg@vlfk.noArbeidsstad
Nordfjordvegen 91096718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5124510770
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ddb9c5e-46a3-4263-ad0d-110507df942e
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5c8f86905f554e1ca2647eb47f8f1fed