Hopp til innhold

Faglærar Fysikk og Engelsk i Maritim utdanning på fagskulenivå

Arbeidsgiver

OPK-FV - Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune

Sted

Nordfjordvegen 9081, 6718 Deknepollen

Om jobben

Stillingstittel
Faglærar Fysikk og Engelsk i Maritim utdanning på fagskulenivå
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Vil du være med å utdanne framtidas maritimeleiarar og bidra til utviklinga av maskinoffiser og dekksoffiserutdanninga?
Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Studiestaden vår  i Måløy søkjer 
ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.

 

Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens dekksoffiser og maskinoffiserer. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.

Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Avdelinga i Måløy har eit utviklings orienter og  triveleg arbeidsmiljø. Studia er  heiltid og går over 2 skuleår. Utdanninga er i hovudsak lokalisert til Måløy, men stillinga vil og kunne krevje at ein underviser enkelte andre steder. Til saman er det over 60 studentar ved utdanningane og 10 tilsette ved avdelinga. 

 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning innen maritime fag
  • Undervise i engelsk, og fysikk, tilpasset maritim kontekst
  • Integrere pedagogiske metoder som fremmer aktiv læring, kritisk tenkning og praktisk forståelse.
  • Utarbeiding og oppdatering av undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med
    gjeldande studieplan og forskrifter
  • Samarbeid med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
  • Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet
  • Bidra til et trygt og inkluderende læringsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Dokumentert pedagogisk kompetanse og erfaring fra undervisning
  • God kjennskap til og erfaring med maritimt regelverk og internasjonale konvensjoner, spesielt STCW
  • Erfaring med undervisning innan faga engelsk og fysikk
  • Gode digitale ferdigheter og evne til å bruke moderne undervisningsverktøy

Personlege eigenskapar

  • Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape gode relasjoner og liker samarbeid i team
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • En triveleg arbeidsplass i Måløy  i et engasjert team av lærarar. Studiet har 
    gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen
  • Et faglig sterkt og utviklende arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid. Arbeidstida følger skoleåret med avspasering i
    skoleferiane
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning
  • Moglegheiter for å delta i utvikling, prosjekt, konferansar med meir
  • Arbeidsstad studiestad Måløy

Kontaktinformasjon

Einar Folkestad, Utdanningsleiar                       , 41530692, einar.bjarne.folkestad@vlfk.no

Arbeidsstad

Nordfjordvegen 9081
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5121083146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Einar Folkestad

Utdanningsleiar

41530692

einar.bjarne.folkestad@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0131565e-5260-4e43-92e8-20c9c58fa2cd

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ea3924544fba4e05bb5e64d2709e9dbb

Lignende annonser

Laster lignende annonser