Rådgivar / spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar med systemansvar i biblioteket
Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar/spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar med systemansvar i biblioteket
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. januar
Om stillinga
I biblioteket ved Høgskulen i Volda er det ledig ei 100% fast stilling som rådgivar/spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar med systemansvar.
Biblioteket ved Høgskulen i Volda leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte for om lag 4500 studentar og 380 tilsette. I biblioteket er vi 11 tilsette og fire studentvakter. No treng vi ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle framtidas bibliotek.
Biblioteket tilbyr tenester til tilsette og studentar innan forsking, undervisning og læring. Vi jobbar med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Vi bruker biblioteksystemet Alma og søketenesta Oria, pensumlistesystemet Leganto og Nasjonalt vitenarkiv (NVA).
Vi ser etter deg som kan drifte våre digitale tenester, arbeide i skjeringspunktet mellom fleire ulike system og samarbeide tett med andre både i og utanfor biblioteket. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø i fine lokale og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Helst mastergrad, minimum bachelorgrad i bibliotek-/IT-fag, ev. mastergrad i fag som er relevante for HVO
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar
- Må ha gode IT-kunnskapar og vere nysgjerrig på nye IT-tenester og trendar
- Må ha kunnskap om og erfaring med webteknologi (til dømes HTML, CSS, XML, XSL, SQL)
- Det er ein fordel at du har interesse for KI-verktøy med særleg fokus på moglegheiter for bibliotekverksemda
- Erfaring frå fag- og forskingsbibliotek og biblioteksystemet Alma er ein fordel
Du held deg til tidsfristar, er fleksibel, likar variasjon og tidvis høgt tempo. Du er engasjert og har ei positiv sørvisinnstilling, tek ansvar og er sjølvgåande.
Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald av og integrasjon mellom ulike system i og utanfor biblioteket
- Implementering av nye system/løysingar
- Nettsider, intranett og sosiale medium
- Delta i dagleg drift som skrankevakt og andre tenester biblioteket har ansvar for
- Samlingsforvaltning
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av endringar i tenestetilbodet eller i organisasjonen.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
- Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Lønn og vilkår
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i Statens lønsregulativ: Stillingskode 1434 rådgivar (kr 630 291−745 000), stillingskode 1515 spesialbibliotekar (kr 652 471–685 490) eller stillingskode 1199 universitetsbibliotekar (kr 660 000- 750 000).
For særleg kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte biblioteksjef Mariann Schjeide,
tlf. 70 07 50 43 eller 415 44 647, e-post mariann.schjeide@hivolda.no
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d4a99a0-7220-416f-85e7-fb40fc882d21
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276498
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Sted
Volda