Prosjektleiar - villrein
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar/koordinator villrein
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. desember
Om stillinga
Miljødirektoratet har ansvar for fleire oppgåver i villreinforvaltninga. Vi kartlegg kunnskapsbehov, finansierer forsking og overvaking av tilstand og gir faglege råd om forvaltning av villrein og leveområda til villreinen. Vi har òg ansvar for rettleiing for kommunar, statsforvaltarar og andre i spørsmål knytt til arealforvaltning og konsekvensutgreiing.
Miljødirektoratet har ei sentral rolle i oppfølging av oppgåver med bakgrunn i stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og omfattar mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Denne stillinga er knytt til viltseksjonen, som er ein av sju seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har 13 tilsette og stillinga har kontorstad på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- koordinering og oppfølging av oppgåver knytt til stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde på tvers av seksjons og avdelingsgrenser
- sørgje for god framdrift i prosessar og oppgåver
- vurderingar og oppfølgingar som gjeld kunnskapsbehov for villreinforvaltninga
- ein sentral funksjon i arbeidet med å etablere eit system for regelmessig rapportering av tiltak og effekten av desse i villreinområda, og dessutan å rapportere til Stortinget
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- relevant høgare utdanning på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
- du har relevant arbeidserfaring og kompetanse på prosjektleiing
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning vil leggjast vekt på
- god kjennskap til og erfaring med digitale saksbehandlingsverktøy
- kunnskap om digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel
- du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt
- du er fagleg trygg og har god rolleforståing
- du er vand til å uttale deg til/vera i media
- du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar
- du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- midlertidig stilling som prosjektleiar med lønn i lønnsspennet frå kr. 680 000 - 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
- ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, tlf. 952 31 575 eller e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no, eller fagdirektør Erik Lund, tlf. 920 89 834.
Oppgi referansenummer 98-2025 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ce7dc09-fcb1-4cb8-97c7-c55fe709a6c4
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271337
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Sted
Trondheim, Oslo
Seniorrådgiver - miljø og smittetiltak
Arbeidsgiver
Veterinærinstituttet
Sted
Trondheim
Arbeidsgiver
Bufetat Region Midt
Sted
Trondheim