2 stillingar à 100% som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Eidesbrotet 25, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Har du lyst på ein jobb der du får brukt fagkompetansen din fullt ut, vere tett på menneske – og samtidig få meir samanhengande fritid? Då bør du lese vidare.
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har to ledige 100 % faste stillingar som vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillingane inngår i langvaktsturnus (13–14 timar), som gir deg noko mange set stor pris på: lengre friperiodar og betre balanse mellom jobb og fritid. Arbeid kvar fjerde helg er ein del av turnusen.
Om Eidesbrotet bufellesskap
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetting og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.
Hos oss er målet klart: Brukarane våre skal få leve trygge, aktive og mest mogleg sjølvstendige liv, ut frå eigne føresetnader. Det krev fagleg styrke, engasjement – og evna til å sjå mennesket bak vedtaka.
Vi ønskjer også å vere ein arbeidsplass der det er rom for både fagleg utvikling, arbeidsglede og litt humor i kvardagen.
Kva går jobben ut på?
Som vernepleiar hos oss får du ei sentral rolle i tenestene vi yter. Arbeidsdagane er varierte, fagleg utfordrande og langt frå stillesitjande.
Arbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Legemiddelhandtering
Veiledning av kollegaer
Varierte faglege og praktiske oppgåver
Yting av tenester i tråd med gjeldande vedtak
Utarbeiding og oppfølging av interne rutinar i samarbeid med leiar
Dokumentasjon i gjeldande IT-verktøy
Aktiv deltaking i kvardagen saman med brukarane – turar, aktivitetar og det som dagen måtte bringe
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
er autorisert vernepleiar
har engasjement for faget og brukarane
er fleksibel, løysingsorientert og positiv til endringar
handterer uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
trivst med å vere i fysisk aktivitet og delta på turar og aktivitetar saman med brukarane
har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
meistrar norsk, både skriftleg og munnleg
Andre søkjarar med relevant høgskuleutdanning innan helse kan bli vurderte (til dømes sjukepleiar).
Erfaring frå målretta miljøarbeid og arbeid med målgruppa vert tillagt stor vekt. Personleg eignaheit er avgjerande – vi er opptatt av å finne rett person, ikkje berre rett tittel.
Kva kan vi tilby deg?
Ein arbeidsplass som tek både fag og fellesskap på alvor
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
God balanse mellom jobb og fritid, mellom anna gjennom langvaktsturnus med samanhengande friperiodar
Løn etter hovudtariffavtalen
God støtte til kompetanseheving – vi heiar på utvikling!
IA-bedrift med gode pensjons- og permisjonsordningar
Kr 25 000 i tillegg til tariffløn for vernepleiar/sjukepleiar i turnus
Hjelp til å skaffe tak over hovudet hvis du pendlar eller kjem flyttande
Eigen rekrutteringsavtale for vernepleiarar og sjukepleiarar
Politiattest må framleggjast før tilsetting.
Kjenner du deg igjen? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å få deg med på laget!
Kontaktpersonar for stillinga: Harald Molven, Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma
Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ccb0601-b319-46b1-b935-e609590844bf
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574949_250469_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda