Hopp til innhold

Fysioterapeut med 50% driftsavtale

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Setrevegen 4, 6783 Stryn

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut med 50% driftsavtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Ein av våre dyktige avtalefysioterapeutar blir pensjonist og vi søkjer difor etter ein ny fysioterapeut som vil å vere med å styrke og utvikle fysioterapitenesta i Stryn kommune vidare. Kan du vere den vi ser/søker etter?
Stryn kommune har ledig 50 % avtaleheimel frå  17.05.26. Avtaleheimelen er ein del Stryn fysioterapi som held til i nyoppussa lokalar på Stryn Helsesenter i Setrevegen 4. Det er ein føresetnad at ny fysioterapeut inngår avtale med Stryn fysioterapi i høve drift og leige av lokalar, og at den som blir tildelt heimelen inngår ein avtale med noverande fysioterapeut om overdraging etter gjeldande avtaletaleverk, jmf ASA 4313.

Arbeidsoppgåver

  • Drive kunnskapsbasert klinisk fysioterapi
  • Undersøkingar, vurdering og behandling av pasienter i tråd med gjeldande retningsliner for prioritering i kommunen
  • Samarbeide med andre delar av den kommunale helsetenesta og spesialisthelsetenesta
  • Bidra til å vidareutvikle fysioterapitenesta i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Erfaring fra drift av privat praksis er ein fordel
  • Erfaring og ønske om å jobbe med utfordringer knytt til psykisk helse er ein fordel, gjerne vidareutdanning innan dette feltet
  • Klinisk erfaring og kompetanse innen allmenn fysioterapi
  • Bør ha erfaring frå tverrfagleg samarbeid, spesielt inn mot kommunehelsetenesta
  • Erfaring med å jobbe med fleirkulturelle pasientar og bruk av tolketenester
  • Meistringsfokus og legge vekt på aktiv deltaking i behandlinga
  • Relevant erfaring med ventelister og effektive og forsvarlege tenester
  • Søkjar frå land utanfor Skandinavia må meistre norsk språk på minimum B2-nivå både skriftleg og muntleg

Gyldig politiattest og bekrefting på autorisasjon samt attester og vitnemål skal leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter muntleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og fleksibel
  • Fagleg engasjert og motivert for utvikling

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi ønskjer å fremje mangfald og likestilling i verksemda vår. Kvinner er i dag underrepresenterte i denne typen stillingar hos oss, og vi oppmodar derfor kvalifiserte kvinner til å søkje.

 

Vi tilbyr

  • 50 % kommunalt driftstilskot tilknytt Stryn fysioterapi
  • Godt, inkluderende og spennende arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547, mona.kile@stryn.kommune.no

Arbeidsstad

Setrevegen 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5037921941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025

Om bedriften

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5c379aa8-643a-4cac-b1fa-a5fa2e0286da

Sist endret

1. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

7fae07b4dca84a6c8060e1987e3b9376

Lignende annonser

Laster lignende annonser