Hopp til innhold

Sommarjobb på Høybuktmoen

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

9912 Hesseng

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Sommarjobb på Høybuktmoen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
4

Forsvarsbygg på Høybuktmoen søker sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift. Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere plenarbeid, skifting av ventilasjonsfilter og måling av bygg.

Vi ønskjer å tilsetje 4 personar i perioden veke 26-34.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for periode du kan jobbe.


Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden blir avtalt med den som blir leiaren din, og blir sett opp mot dine ønskje og behov.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.  


Arbeidsoppgåver

  • Reingjering og filterskift på ventilasjonsanlegg
  • Målearbeid
  • Plenklipping 
  • Registreringsarbeid innan energisparing
  • Påkommande oppgåver

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Vi ser primært etter deg som er fylt 18 år og har førarkort kl. B
    Søkjera som er fylt 16 år, eller fylle 16 i løpet av 2026 kan vurderast.
  • Du må kunne autoriserast før oppstart.

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 293 500 - 417 600 i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Kjell Martin Høyli, Områdeleiar, 481 33 180

Arbeidsstad


9912 Hesseng

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5085241954
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 13.04.2026

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5c2c5655-f58a-4a34-ae8a-3c7cf05e0055

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9ef1b9dd9d954acfbf82b16e96abbc6b

Lignende annonser

Laster lignende annonser