Fysioterapeut for born og unge - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Helsefremming og rehabilitering
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. september
Vil du vere med og gjere ein forskjell for born og unge i Bjørnafjorden kommune? Vi søkjer ein fagleg engasjert og kreativ fysioterapeut til ergo- og fysioterapitenesta vår for born og unge!
Stillinga er 100 % fast og er for tida knytt til arbeid med born og unge på Os-sida av kommunen. Du får arbeidsstad med kontor, treningssal, behandlingsrom og terapibasseng på Luranetunet, Solstrandsvegen 39.
Borneteamet vårt er organisert under avdelinga Helsefremming og rehabilitering, saman med ergo- og fysioterapeutar som arbeider med vaksne og eldre, bassengansvarleg, servicemedarbeidarar for tekniske hjelpemiddel, kartleggingsteam og kvardagsrehabilitering. Vi er eit fagleg engasjert team som legg vekt på samarbeid, utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad
Luranetunet bu- og behandlingssenter
- Førebyggjande og behandlande tiltak på helsestasjonen
- Habilitering, trening og oppfølging av born med ulike funksjonsvariasjonar
- Undersøking, vurdering og behandling av born med ulike problemstillingar knytt til motorisk utvikling og/eller muskel- og skjelettapparatet
- Nært samarbeid med ergoterapeut for born og unge
- Vurdering, formidling og tilpassing av ulike hjelpemiddel
- Gruppetrening i basseng
- Samarbeid med foreldre, helsestasjon, barnehagar, skular, PPT, lege og andre samarbeidspartnarar
- Koordinatoroppgåver og arbeid knytt til individuell plan
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Erfaring, kurs og/eller vidareutdanning innan barnefysioterapi er ein fordel
- Førarkort klasse B
- God IKT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Du er god på å byggje relasjonar med born og unge
- Du er fagleg engasjert, kreativ og ønskjer å gjere ein forskjell for born og unge
- Du har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege team
- Du er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig, i tråd med nasjonale faglege retningslinjer og kunnskapsbaserte metodar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr- Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
- Eit høgt kvalifisert fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø og gode arbeidslokale
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5c055e8d-06a1-4d95-9e44-7609b14ff837
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3659119_195951_nn