Hopp til innhold

Fysioterapeut - Driftsavtale 80 % * 2

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Helsefremming og rehabilitering

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Selvstendig næringsdrivende, deltid 80%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Bjørnafjorden kommune har ledig 2 x 80 % avtaleheimlar for sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar, med oppstart 01.01.2027. 

Begge avtaleheimlene er tilknytta Flåten Fysioterapi, som er eit etablert fysioterapiinstitutt i Bjørnafjorden vest. Ved instituttet arbeider det tre fysioterapeutar med til saman 2,4 avtaleheimlar. Instituttet er lokalisert i 2. etasje på Thon Senter Os, med tilgong til heis og gode parkeringsmoglegheiter. 

Fysioterapeutane inngår som ein del av kommunen si samla fysioterapiteneste og skal bidra til å sikre innbyggjarane eit tilgjengeleg, kunnskapsbasert og heilskapleg fysioterapitilbod. 

I Bjørnafjorden kommune er det 12,2 avtaleheimlar fordelte på 15 fysioterapeutar ved seks ulike institutt. 

Arbeidsstad
Flåten Fysioterapi 

Om driftsavtalen
Sjølvstendig næringsdrivande fysioterpeut med kommunal driftsavtale, regulert av:

  • ASA 4313 
  • Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale
Arbeidsoppgåver
  • Undersøking, vurdering og behandling av pasientar i alle aldersgrupper
  • Aktiv rehabilitering og funksjonsfremjande behandling
  • Rettleiing og opplæring av pasientar og pårørande
  • Samarbeid med relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra til god prioritering av pasientar i tråd med gjeldande prioriteringsrettleiar
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Erfaring frå allmenn fysioterapipraksis 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring innan muskel- og skjelettlidingar og rehabilitering
  • Erfaring med drift av privat fysioterapipraksis med driftsavtale
  • Kompetanse og erfaring med nevrologiske lidingar (blir lagt særleg vekt på ved den eine driftsavtalen)
  • Kompetanse innan aktiv behandling og treningsbasert rehabilitering
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein fysioterapeut som:

  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg positivt til fagmiljøet og utviklinga ved instituttet
Vi tilbyr
  • 80 % kommunalt driftsavtale * 2
  • Eit veletablert institutt med gode lokale og behandlingsfasiliteter 
  • Eit godt fagleg miljø

Vilkår
Driftstilskotet blir tildelt i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Dei som får tildelt driftstilskotet, må inngå individuell driftsavtale med Bjørnafjorden kommune.
Det må påreknast å overta praksis, inventar og eventuelt pasientgrunnlag etter nærare avtale med noverande innehavar.

Søknad skal inneholde følgjande

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Kopi av autorisasjon
  • Dokumentasjon på relevant utdanning og praksis
  • Attestar og referansar

Aktuelle kandidater vil bli kalle inn til intervju. 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Atle Gusland

Avd.leiar

+47 916 13 857

atgu@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fbaef56f-5fd4-4da8-aad0-5a13f800b5d0

Sist endret

4. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3658407_195951_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser