Hopp til innhold

ID 2482 Fysioterapeut vikariat - Tenester til heimebuande

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Avdeling for aktivitet og re/habilitering, Eining Tenester til heimebuande i Stord kommune har kontor sentralt i Leirvik. Avdelinga er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv.

Me har ledig vikariat i 100% stilling som fysioterapeut frå 01.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av brukarar og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir primært tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng. Fysioterapeuten kan være koordinator i enkeltsaker.

Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod.

Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, nyskapande, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Fysioterapeuten må jobbe med ulike brukargrupper, arbeidsoppgåver og gruppetilbod.

Me søkjer ein person som har:

• Erfaring frå kommunal og/eller anna relevant fysioterapitenenester

• Erfaring med hjelpemiddelformidling

• Erfaring med rehabilitering

• Erfaring og stor motivasjon for leiing av treningsgrupper

• Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert

• Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg og har stor grad av sjølvstende

Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar.

Kvalifikasjonskrav:

• Autorisert fysioterapeut

• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

• Førarkort klasse B.

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me kan tilby:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø

  • Godt arbeidfsmiljø

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk i kommunen

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm

  • Offentleg tenestepensjon

Kontaktperson: Avdelingsleiar Bente Bjelland, tlf: 411 81 901 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson for stillingen

Bente Bjelland

Avdelingsleiar

411 81 901

bente.bjelland@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c0b456e-06fb-4903-a653-b8010994ff64

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

9c0b456e-06fb-4903-a653-b8010994ff64

Lignende annonser

Laster lignende annonser