Hopp til innhold

Avdelingsleiar Bringedalsbygda barnehage

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Bringedalsbygda oppvekstsenter

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Omtale av stillinga 

Vi har ledig stilling som styrar/avdelingsleiar i Bringedalsbygda barnehage frå 01.04.2026

Bringedalsbygda barnehage er ein del av Bringedalsbygda oppvekstsenter, saman med Bringedalsbygda skule. Barnehagen ligg sentralt i Kvinnherad kommune. Barnehagen ligg i kort avstand til sjø, skog og fjell, noko som gjev oss eit spanande og lærerikt nærmiljø. 

Barnehagen sine satsingsområde er språkleg- og sosial meistring, venskap og leik. Ved oppvekstsenteret har vi eitt samarbeid med NLA, der vi har fokus på lesing av bøker, språkleikar og songleikar, der borna er aktive deltakarar. Pågåande utviklingsarbeid er språk og gode relasjonar, som er barnehagen sin inngangsport for å arbeide med inkluderande barnehagemiljø og tidleg innsats. 

Barnehagen har ca. 42 plassar for born i alderen 0 - 6 år.    

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
  • Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar

 

Kvalifikasjonar
  • Godkjent barnehagelærarutdanning. eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Utdanning og/eller erfaring som leiar er ei føremon
  • Gode dugleikar i bruk av digitale verkty.
  • Gode evner til munnleg og skriftleg formidling.

 

Personlege eigenskapa
  • Tydeleg leiar. 
  • Kunna motivera og skape samhald. 
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon. 
  • Kunne arbeide sjølvstendig  og i team. Interesse for fagleg oppdatering, er fleksibel og løysingsorientert. 

 

Vi tilbyr
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.    


Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5bd6d43c-7720-4227-8cfd-ea907cb3289b

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3579943_226043_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser