Hopp til innhold

Lærar - Maritime fag

Arbeidsgiver

Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Lisjebøveien 4, 6091 Fosnavåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærar - Maritime fag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig fast stilling som faglærar i maritime fag frå 1. mai 2026.

Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag

Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på vg2 Maritime fag - matrosfaget.
    Aktuelle fag er: Skipstekniske tenester, Dokumentasjon og kvalitet, Dekk og Yrkesfagleg fordjuping for maritime fag.
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga.  
  • Pedagogisk- og fagleg samarbeid, mellom anna i fagteam og klasseteam. 
  • Noko arbeid med kvalitetssystem kan bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

  • har relevant utdanning og erfaring innan maritime fag
  • har gode digitale ferdigheter
  • er fleksibel, samarbeidsorientert og utviklingsorientert
  • har erfaring fra arbeid med ungdom

    Herøy vidaregående skule ynskjer fortrinnsvis søkjarar med dekksoffiserskompetanse frå fagskole eller høgare utdanning innan nautikk, der breidast mogleg kompetanse vil bli foretrukke. Det krevst pedagogisk utdanning jfr forskrift til Opplæringslova §12-1. Kandidatar utan pedagogisk kompetanse oppmodast også til å søkje. Personleg eignaheit vil bli vektlagt i tillegg til faglege kvalifikasjoner.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • Du må like å arbeide med ungdom.
  • Du har eit stort engasjement for faget ditt.
  • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du har ein inkluderande veremåte.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du likar godt å samarbeide.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.

    Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale
  • God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Tore Tangen, Rektor, 95933931
Lillebø Eivind, Fagleder, 91582775

Arbeidsstad

Lisjebøveien 4
6091 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5072838827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5a23a5c5-4e79-4234-a68c-4f3f86ec5991

Sist endret

21. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b33d8a6a7eb64fcf8d635758afb3c863

Lignende annonser

Laster lignende annonser