Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Herøy kommune, Seksjon barnehage
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar/pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. mars
Vi søker dyktige og engasjerte barnehagelærarar / pedagogiske leiarar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.
Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Leikanger barnehage. Andre stillingar kan også bli ledige, både faste og vikariat. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
- legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
- legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
- leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
- skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
- tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærargjerne rettleiingskompetanse
- ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
- evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle
- kunnskap om den autoritative vaksenrolla
- kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norsk prøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
- tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
- ser verdien av tverrfagleg samhandling
- god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
- ser løysingar på utfordringar
- oppteken av å skape ein god kvardag for barna
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt.
Vi tilbyr
- fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
- eit støttande og positivt arbeidsmiljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- god oppfølging av nytilsette
- god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- IA-bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299Arbeidsstad
Rådhusgata 76090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5075527491
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Warpe
Avdelingsleiar barnehage
+47 97942299
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c843d05b-d24f-4aed-8a6c-7681bfbf9b74
- Sist endret
4. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a078d7c8ec92484ba6ec15771a6d5b5f
Lignende annonser
Barnehagelærar, Pedagogisk leiar
Arbeidsgiver
Oppvekst og kulturetaten
Sted
Ulsteinvik
Pedagogiske leiarar og barnehagelærarar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling barnehage
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Seksjon barnehage
Sted
Fosnavåg