Distriktsmusikar messing - 100% fast stilling
Alver kommune
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Distriktsmusikar messing - 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Kvalifikasjonskrav
Utøvande høgare musikkutdanning med eit messinginstrument i brassbandfamilien som hovudinstrument (eufonium, baryton, tuba, althorn, tenor- eller basstrombone, eller dobling trompet/kornett) med minimum utøvande bachelorutdanning/4 år eller høgare.
Utdanninga må vere NOKUT-godkjent
Godkjent prøvespel for denne stillinga (sjå nedanfor)
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, Alver kommune er ein nynorskkommune.
Førarkort klasse B
Me vil setje krav til personlege eigenskapar, erfaring og engasjement for utøvande, skapande og inntektsretta kunstnarisk og musikalsk verksemd.
Me søkjer deg som har følgjande erfaring:
- som utøvande musikar i ensemble og solo
- frå prosjektretta musikarverksemd, kunstnarisk produksjons-/innhaldsarbeid og inntektsgenererande verksemd
- med formidling, instruksjon, direksjon og opplæring både til barn og vaksne
- med arrangering av musikk og gjennomføring av framsyningar
Du må legge ved kunstnarisk CV, i tillegg til vanleg CV.
Prøvespel
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til prøvespel i veke 49. Prøvespelet er samansett av ein sjølvvald del på omlag 15 minutt, eit obligatorisk verk på ca. 4-5 minutt (notar vert lagt ved evt. innkalling), ein minikonsert (ca. 10 min) for ei gruppe skuleelevar i barneskulen, prima vista og ein samtale. På prøvespelet vil det vere ein jury samansett av ein ekstern sensor og representantar frå Vestland fylke, Alver kulturskule, HR og tillitsvald. Kandidatar må bestå prøvespelet for å kunne verte vurdert for vidare prosess og intervju.
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Politiattest
I tråd med opplæringslova § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me har ledig ei 100% fast stilling som distriktsmusikar med eit messinginstrument i brassbandfamilien som hovudinstrument.
Alver kommune er ein stolt korpskommune, med lange og sterke korpstradisjonar. I samarbeid med Vestland fylkeskommune lyser me no ut ei utøvande og kompetansebyggande musikarstilling.
Stillinga er delt i to område. Undervisningsdelen utgjer 50% og er samansett av instruksjon og opplæring til korps, kursing og seminarverksemd, i tillegg til kulturskuleundervisning. Utøvardelen utgjer 50% av stillinga og kan til dømes vere samansett av konsertverksemd i samarbeid med lokalt og regionalt musikkliv, andre musikarar eller distriktsmusikarar, konsertar for barn og unge i den kulturelle skulesekken, arrangement og events i samarbeid med næringslivet.
Me søkjer deg som vil fremje lokal musikkultur, ta aktivt del i utviklinga av korpskommunen Alver, og fremje musikken som del av lokalsamfunnet gjennom utøvande verksemd og opplæring.
Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / Alver kulturskule, og er delt i ein utøvande del og ein kompetansedel med opplærande oppgåver.
Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium i ein bevisst kulturkommune.
Me søkjer deg som vil fremje lokal musikkultur, ta aktivt del i utviklinga av korpskommunen Alver, og fremje musikken som del av lokalsamfunnet gjennom utøvande verksemd og opplæring.
Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / Alver kulturskule, og er delt i ein utøvande del og ein kompetansedel med opplærande oppgåver.
Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium i ein bevisst kulturkommune.
Me ønskjer deg som trivst med å jobbe aktivt og oppsøkande, skape arbeid og inntekt og leie fram kunstnarisk og kompetansebyggande verksemd.
Stillingsfunksjonen vil ha inntektskrav, som du må trivst med å jobbe etter. Me ønskjer velkomen søkjarar som speler både grov- og finmessing, men søkjarar må ha hovudkompetanse på instrument som høyrer heime i brassbandfamilien (inkludert kornettdoblande trompetistar).
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59f59007-9c79-4400-83dd-dd6fc2781391
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267178
Lignende annonser
Brannforebyggar 100% fast
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Engasjement - utprøving mot opplæring i bedrift - NAV Ungdom og integrering
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Bøvågen