Hopp til innhold

Avdelingsleiar skule/lærar

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke

Om jobben

Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing avdelingsleiar skule/lærar frå 01.08.26 (vikar)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Brekke barnehage og skule, har ledig 100% vikarstilling som avdelingsleiar skule/lærar frå 01.08.2026 - 31.07.2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av administrasjonsoppgåver og ordinær undervising. Me søkjer ein avdelingsleiar skule som skal vere del av leiarteamet ved eininga og bidra til eit trygt og godt skulemiljø. 

Brekke barnehage og skule består av 1-10-skule, SFO og ein barnehage. Sjå her for meir informasjon om barnehagen, og her for meir om skule og SFO


Arbeidsoppgåver 

Stillinga som avdelingsleiar er ei kombinasjonsstilling kor ein både har administrative oppgåver og ordinær undervising. Fordelinga mellom dei to områda vil verte tilpassa etter behov.

Avdelingsleiar skule skal:

  • Leie og organisere dagleg drift i avdelinga i lag med einingsleiar
  • Bidra til utviklingsarbeid, inkludert oppdatering av system/rutiner og opplæring
  • Bidra i arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø
  • Bidra i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og deltaking i profesjonsfellesskapet
  • Følgje opp vikarhandtering og ajourføring i Visma timeplan
  • Gjennomføre ordinær undervisning
  • delta i andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil me vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter ein avdelingsleiar som har breid og formell undervisingskompetanse. Når det er sagt, er det kjærkome med undervisingskompetanse i engelsk. 

Det kan også vere ein fordel at avdelingsleiar skule har utdanning og/eller erfaring innan administrativt arbeid, men det er ikkje eit krav. Vedkommande som vert tilsett må ha gode IKT-kunnskapar og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Krav om gyldig politiattest på den som vert tilsett. 


Personlege eigenskapar 

  • God på å bygge relasjonar 
  • Er målretta og framoverlent 
  • Er tydeleg og trygg 
  • Er oppteken av barna si heilheitlege utvikling 
  • Er strukturert og planmessig, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer og samhandlar godt med barn, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Undertrun

Einingsleiar Brekke barnehage og skule

+4798696648

bjarte.undertun@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59e857fd-9e70-4814-b4dc-cc0ecb89ee49

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290268

Lignende annonser

Laster lignende annonser