Barne- og ungdomsarbeidar Hyllestad skule
Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett
Lifjordvegen 6 og 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Vi søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar/Assistent i 100 % stilling frå 01.08.2026.
Kvifor søkje hos oss?
- Du vil få ein interessant, spanande, meiningsfull og variert arbeidskvardag på vår nyoppussa 1. - 10. skule
- Du kan gjere ein forskjel for dei ca. 113 elevane i Hyllestad, og du får høve til å påverke skulemiljøet
- Du samarbeider med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø, 28 kollegaer ventar på deg!
- Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
Vi ønskjer deg som vil vere med å sikre god undervisning og bidra til ein trygt, varmt og inkluderande lærings- og skulemiljø.
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som barne- og ungdomsarbeidar vil arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere:
- Omsorg, leik, pedagogisk arbeid og praktiske gjeremål
- Vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
- Samarbeide med andre profesjonar i ein hektisk kvardag
- Stillinga er delt mellom skule og SFO med omlag 70/30- fordeling
- Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov
Vi ser for oss at du:
- har utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, evt. erfaring/kompetanse som kompenserar for manglande utdanning
- trivast med å arbeide med born og ungdom
- har evne til tett samarbeid
- bygger trygge og gode relasjonar
- er tydeleg, løysingsorientert, fleksibel, omsorgsfull og ein trygg vaksen
Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos rektor Kristin Eimind, evt. hjå personalrådgjevar Unni Systaddal.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!Relevante lenkjer
Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
Hyllestadinfo
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f653206a-e6b7-4b53-bdcc-0010b27495eb
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3607617_141667_nn