Hopp til innhold

Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Fosshagen utdanningsbarnehage

Sted

Trolladalen, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Annet, heltid og deltid
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 28. august

Vil du jobbe tett på både barn, fagmiljø og utdanning midt i Sogndal sentrum?

Fosshagen utdanningsbarnehage har no fleire ledige stillingar som barnehagelærar:

  • 100 % vikariat i tidsrommet 01.11.2026-08.08.2027 (2.gongs utlysing)
  • 80 % engasjement i tidsrommet 01.09.2026-08.08.2027 knytt til arbeid med barn med særskilte behov

Rom for både leik og fag
Midt i barnehagen finn du “Hjarterommet”, eit stort fellesrom for leik, rørsle og samlingar. Dette rommet blir brukt aktivt i kvardagen, og er også ein ressurs for andre barnehagar i kommunen.

Avdelingane er oppkalla etter kjende turmål i området som Nuken, Laugi, Fagereggi, Stedjeåsen, Blåfjell, Togga og Tylderingen. Dette speglar også kvardagen hos oss, der både uteområdet og nærområdet blir aktivt brukt til leik, utforsking og gode opplevingar gjennom året. 

Kva kjem du til å jobbe med?
Du blir ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, og skal:

  • Leggje til rette for eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeidet saman med pedagogisk leiar
  • Bidra i faglege prosessar og godt samarbeid med føresette
  • Gi rettleiing og støtte til kollegaer
  • Vere med og drive ei avdeling fagleg
  • Byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer

Dette er ei rolle der du både jobbar tett på barna og tek ansvar i det faglege fellesskapet.

I engasjementstillinga får du eit særskilt ansvar for å følgje opp einskiltbarn med rettleiing frå PPT:

  •  Hjelpe og støtte barnet i kvardagen i barnehagen etter rettleiing frå PPT.
  • Delta i det pedagogiske arbeidet saman med det øvrige personalet.
  • Legge til rette for at barnet får delta i leik og aktivitetar saman med dei andre barna på avdeling.
  • Ansvar for foreldresamarbeid og oppfølging av enkeltvedtak knytt til barnet sine behov.

Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har:

  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Gjerne erfaring med spesialpedagogisk arbeid i barnehage
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gjerne rettleiarutdanning eller interesse for rettleiing
  • Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og barns medverknad

I tillegg betyr det mykje at du er engasjert, leiken og initiativrik. Vi ser og gjerne at du er inkluderande og open og god på relasjonar.

Kvifor velje Fosshagen?
Her får du ein kvardag der fag og praksis møtest tett. Du jobbar i eit miljø med høg kompetanse, samarbeid med utdanningsmiljø og gode moglegheiter for utvikling. 

Me tilbyr:

  • Ein meiningsfull og variert jobb
  • Rettleiing for nyutdanna og samling for nytilsette
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsordningar og tilsettetrening
  • Ein aktiv kvardag med leik, aktivitet og uteområde

Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.

Litt om oss
Sogndal kommune er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune med høgt kompetansemiljø. Me jobbar tillitsbasert og legg vekt på samarbeid, utvikling og kvalitet i tenestene våre.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga me er til for. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne kan skje ved behov.

I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Søknad må sendast via EasyCruit innan fristen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Heidi Austrheim

57652881

Heidi.Austrheim@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59aa8bd0-45d8-4baf-9c1e-954878e4036f

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3652025_199357_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser