Hopp til innhold

100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. september

Arbeidsstad 

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!  

Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 22 bebuarar med varierande bistandsbehov. 

Stillingane er ein del av einingas ressursbemanning, men er for tida plassert i avdeling bufellesskap psykisk helse. 

 

Arbeidsoppgåver 

Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar.  

Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte. 

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 
Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga. 

Stillingane er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter. 

 

Kvalifikasjonar 
  • Vi søkjer fortrinnsvis deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar, men personar med miljøterapeutisk bakgrunn vil også bli vurdert.
  • Det er ønskjeleg med erfaring i frå psykisk helsearbeid og miljøterapi knytt til personar med psykisk uhelse.
  •  

    Personlege eigenskapar 
  • Du er bevisst dine haldningar. 
  • Du prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. 
  • Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogeleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. 
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 
  • Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

     

    Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
  • Løn etter gjeldande avtalar.  
  • For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, kan Bjørnafjorden kommune tilby eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen 
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  
  •  

    Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

    Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

    Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus

    avdelingsleiar

    +47 995 33 798

    ugle@bjornafjorden.kommune.no

    Om bedriften

    Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    593340f2-3ae7-4ea7-8ec4-f4a3775d739a

    Sist endret

    19. august 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3654597_195947_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser