Hopp til innhold

Transportbetjent (miljøterapeut)

Arbeidsgiver

Kriminalomsorgens transporttjeneste

Sted

Rødmyrlia 43, 3735 Skien

Om jobben

Stillingstittel
Transportbetjent (miljøterapeut)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Om stillingane


I Kriminalomsorgens transportteneste (KTT) er det ledig ein fast, 100 %- stilling som transportbetjent for tiltredinga frå 01.09.2026. Stillinga er for tida innplassert ved transportbasen vår ved Telemark fengsel i Skien.

Det må påreknast arbeid i det geografiske virkeområdet til heile transporttenesta. Sjølv om dei fleste arbeidsoppdraga p.t. går føre seg på Austlandet, utfører KTT òg oppdrag i andre landsdelar (sjå faktaboks om kriminalomsorga).


KTT leverer transport- og framstillingstenester alle kvardagar i tida 07:00-18:00, men det må òg påreknast noko arbeid før kl 07 eller etter kl 18. Arbeidstida består i stor grad av lange vakter med 10 timars varigheit. Tilsette i KTT har p.t. som hovudregel fri alle laurdagar og raude dagar. Den som blir tilsett må rekna med endringar i arbeidstida.

Ein transportbetjent i kriminalomsorga blir tilsett i stillingskode 0808-miljøterapeut, der den tilsette skal ha evne til å ta vare på tryggleiken under transport- og framstillingsoppdrag med innsette.


Arbeidsoppgåver 

  • Gjennomføra transport og framstillingar av innsette til rettsmøte, sjukehus, tannlege osv.
  • Gjennomføra overføringar av innsette mellom fengsel
  • Utføra kontroll- og sikringsoppgåver for politiet og kriminalomsorga
  • Hjelpa til med administrering av oppdrag og andre administrative arbeidsoppgåver for KTT
  • Utføra nødvendig vedlikehald av materiell og utstyr
  • Utføra andre oppgåver gitt av leiar (t.d. opplæring av nye tilsette og delegerte oppgåver i avgrensa arbeidsfelt)

Den som blir tilsett må rekna med endringar i oppgåver og ansvarsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • generell studiekompetanse
  • førarkort klasse B
  • godkjent opplæring i avgrensa politistyresmakt
    (Manglande opplæring i avgrensa politistyresmakt vil eventuelt bli sørgt for av arbeidsgivar ved nytilsetjing.)
     
Det er ønskelig at du har
  • fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), politi- eller arrestfagstudie frå Politihøgskolen (PHS) eller anna relevant utdanning
  • erfaring frå arbeid med menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i dagleg bruk av IKT- system eller -verktøy

Personlege eigenskapar

  • Du står fram som ein moden person med ein roleg, balansert og tillitsvekkjande framferd
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du kan jobba godt i team, der de tek sjølvstendige avgjerder innanfor gitte rammer
  • Du er fleksibel, smidig og løysingsorientert og kan omstilla deg raskt
  • Du har ei god stressmeistringsevne
  • Du er aktiv og i god fysisk form og har ein stabil og god mental helse
  • Du har ein god evne til å handtera menneske som opplever å vera i ein vanskeleg og utfordrande livssituasjon

Me tilbyr

  • ein spennande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer og trygge leiarar
  • ein brei introduksjon ved oppstart i stillinga og vidare årleg opplæring/ trening
  • trening i arbeidstida
  • moglegheit til parkering
  • gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Stillingen blir lønt som miljøterapeut frå kr 500 000 - 550 000 pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. (Tariffoppgjeret frå 01.05.2026 kan medføra endringar av beløp og lønnsinnplassering.)
Transportbetjentar får òg ein månadleg kompensasjon, p.t. kr 3123,-, for kost og utilfredsstillande pauseforhold.


Generell informasjon


Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.  

Me jobbar for å realisera inkluderingsdugnaden til regjeringa om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Me gjer merksam på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.

Me gjer òg merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varselet om dette og gitt høve til å trekkja søknaden.


Den som blir tilsett må retta seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet. 

Nærare opplysningar om stillinga kan fåast ved førespurnad til leiar av KTT:  André Åkvik, tlf. 901 63 687.

Søknad og CV blir sendt elektronisk via linken "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Relevante vitnemål og attestar bør følgja søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf 75 54 22 20.


Kontaktperson for stillingen

André Åkvik

Leiar KTT

+4790163687

Om bedriften

Samfunnsoppdraget til kriminalomsorga er å gjennomføra varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tryggjande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velja å leva eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er "Straff som endrar" og verdiane våre er "tryggleik, openheit og nytenking", som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. 

Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter (KRUS) og fem regionar med omlag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorga region sør omfattar fengsel og friomsorgskontor med nærare 700 tilsette i Buskerud, Vestfold og Telemark fylke. Regionadministrasjonen ligg i Tønsberg.

Transporttenesta til kriminalomsorga (KTT) ligg administrativt under Kriminalomsorga region Sør og har hovudkontoret i Tønsberg. KTT er likevel ei nasjonal eining som strategisk er underlagd Kriminalomsorgsdirektoratet.

KTT gjennomfører transportoppdrag og framstillingar av innsette for politiet og kriminalomsorga og har har over 50 tilsette.
Transportbetjentane er fordelte på fleire transportbasar i Austlandsområdet.
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58c78a9d-a732-4358-aff8-e8d0ef377814

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290584

Lignende annonser

Laster lignende annonser