Ønskjer du å bidra på eit viktig samfunnsområde?
Nav Bergen sentrum // Avdeling arbeidsavklaringspengar (AAP)
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Rettleiar/sakshandsamar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 7
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvatnet, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Kva går jobben ut på?
- sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
- kartleggje ressursar og moglegheiter hos den enkelte brukar
- kontakt med samarbeidspartnarar
- delta i utviklingsarbeid ved behov
- andre oppgåver kan bli lagde til stillingane
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
- erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
- erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing
- erfaring med å bruke digitale verktøy
- avdelingen har også klagebehandling for regionen der det kan være nyttig å ha juridisk kompetanse
Kva ser vi etter hos deg
- kan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag
- har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit stort ansvarsområde
- er sjølvstendig, effektiv og arbeider grundig og systematisk
- er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver
- Trives med å jobbe i team
Kvifor velje oss?
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
- eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
- fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
- løn i stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr. 639 000 til kr. 670 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Siv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494Arbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5174050174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 01.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Siv Jorunn Krakk Aga
Avdelingsleiar
934 01 494
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58237267-5850-46ff-9bb3-f661af4f6838
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6292e9d72f1445829545783b038de3fb