Fagansvarleg
Nav Bergen sentrum // avdeling arbeidsavklaringspenger
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagansvarlig
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert fagansvarleg til avdeling arbeidsavklaringspengar. Stillinga er delt mellom fagansvar (50 %) og sakshandsaming og klage (50 %), og er ei sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfølging. Du vert ein del av ei avdeling med 15 tilsette med ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar (AAP) der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandsaming av søknader om
arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hos oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Hjå oss får du moglegheita til å bidra til kvalitet og utvikling av eit viktig fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Kva går jobben ut på?
- sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
- delta aktivt i fagmøte og halde deg oppdatert på fagområdet
- sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av avdelinga/lokalkontora
- fagleg støtte for leiar og kollegaer
- vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av våre tenester
- kontakt med samarbeidspartnarar
- delta i utviklingsarbeid
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god kunnskap om regelverket for arbeidsavklaringspengar
- erfaring frå sakshandsaming og rettleiing
- erfaring med å bruke digitale verktøy/Nav sine fagsystem
Kven er du?
- ein pådrivar og støttespelar
- gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og motivasjon for endring
- evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta faglege avgjersler i vanskelege saker
Kvifor velje oss?
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
- eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
- fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
- stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Siv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494Arbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5174239993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Siv Jorunn Krakk Aga
Avdelingsleiar
934 01 494
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
116d6173-a843-4498-bc8c-b641ab5a6349
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
303c0efa7fdf49dd91e4dc45b088ad7c