100% stilling som leiar ved Vatn og avløp
Ullensvang kommune Teknikk og miljø
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Delvis hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest lørdag 9. mai
Eining for vatn og avløp har ansvar for drift, vedlikehald, beredskap og utvikling av kommunens anlegg for vatn, spillvatn og overvatn. Vatn og avløp er ein eining med driftoperatører, ingeniører, rådgiver og fagansvarleg og dei andre tilsette utfører pågåande drift og vedlikehald, og bidreg til vidare utvikling. Fleire prosjekt og utredningar går føre seg, og eininga er i stor utvikling. Som verksemdsleiar vil du ha høve til å påverka dette arbeidet.
Me ser etter deg som kan leia og utvikla verksemda i takt med behovet og samfunnsutviklinga, samstundes som du sørgjer for god tryggleik og beredskap knytt til kritisk infrastruktur. Du tenkjer heilskapeleg, er oppteken av utvikling og har gode og tydelege leiareigenskapar.
Du vil få en viktig rolla i utviklinga av Ullensvang kommune og ei sentral rolle innanfor eit samfunnskritisk fagområde. Du vil jobba i et sterkt fagmiljø, med dyktige og hyggjelege kollegaer.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for strategisk utvikling og planlegging av verksemda med fag og personalleiing Ansvar for å sikra optimal drift og resultatoppnåing
Bistå prosjektavdelinga med investeringsprosjekt innanfor fagfeltet
Ansvar for HMS- arbeid
Syta for god samhandling både internt og eksternt
Ansvar for budsjett og økonomioppfølging
Andre oppgåver kan tildelast ved behov
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innen VA, beredskap, miljøteknikk, prosess, ingeniørfag eller tilsvarende
Leiarerfaring
Førarkort klasse B
God i norsk, både munnleg og skriftleg.
Gode digitale evner
Gode kommunikasjonsevner både internt og eksternt
I tillegg er det ønskjeleg med:
Kunnskap og erfaring frå drift- og vedlikehald av vatn- og avløpsanleg
Erfaring frå utviklingsarbeid
Erfaring med HMS-arbeid
God kunnskap om økonomioppfølging
God teknisk forståing
Ynskjeleg med juridisk kompetanse
Personlege eigenskapar:
Ha interesse for forbetringsarbeid
Inkluderande og støttande
Engasjert og godt humør
Strukturert og løysingsorientert
Du må vera løysingsorientert og ha høg grad av gjennomføringsevne
Sjølvstendig og ansvarsmedviten
Me tilbyr:
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
Dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og
pensjonsvilkår.
Muligheter for relevant videreutdanning
Muligheter for rekrutteringsleiligheter
Muligheter for heimekontor
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Ønskjer ikkje kontakt med telefonselgarar.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57d0909d-6466-4ff9-9a0d-1cfe903f96c4
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3619213_189349_nn