Hopp til innhold

Saksbehandlar

Arbeidsgiver

Gulating lagmannsrett

Sted

Bergelandsgata 10, 4012 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Saksbehandlar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillinga

Gulating lagmannsrett har ledig ein fast 100 % stilling som saksbehandlar på vårt kontor i Stavanger. Vi søkjer deg som er drivande engasjert, dyktig og serviceinnstilt og som ynskjer å bidra til effektiv og trygg saksbehandling i tråd med domstolen sitt samfunnsoppdrag. 

Saksbehandlarrolla og arbeidsprosessane i Gulating lagmannsrett er i endring. Vi tek i bruk teknologi på stadig fleire område. Vi ynskjer oss deg som har interesse for jus, og som kan bidra til aktiv saksavvikling og til digitalt utviklingsarbeid i domstolen. 

Som saksbehandlar får du arbeida med eit breitt spekter av oppgåver. Arbeidsoppgåvene er knytt til all praktisk førebuing, saksbehandling og etterarbeid i samband med rettssakene våre. Arbeidet inneber tett samarbeid med domarane og dei andre tilsette i domstolen. Det krev at du har godt oversyn, er nøyaktig og pliktoppfyllande i arbeidet. Di rolle er viktig; du bidreg til at sakene vert gjort på ein effektiv og profesjonell måte, til beste for brukarane av domstolen. 

Hos oss er ingen dag lik, og din innsats er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføra rettssakene. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid knytt til førebuing, saksbehandling og etterarbeid i sivile saker og i straffesaker. Utarbeiding, journalføring, arkivering, kontroll og utsending av rettslege dokument.
  • Administrative, ekspedisjons- og serviceoppgåver. Til dømes reisebestillingar, materiellbestillingar og handtering av førespurnadar frå partar, det rettssøkjande publikum og andre aktørar.
  • Digital tilrettelegging og vera støtte for domarane og aktørane i retten. 
  • Delta i forbetringsarbeid. 
  • Andre oppgåver.

Kven er du?

Vi ser etter deg som 

  • har relevant høgare utdanning på bachelornivå innan til dømes jus, samfunnsfag, administrasjon eller tilsvarande. 
  • har gode digitale ferdigheiter, evna til å læra nye system raskt og ser moglegheiter i digitale arbeidsprosessar. 
  • har arbeidsrøynsle frå saksbehandling eller liknande arbeid.   
  • er tale- og skrivefør og lydhøyr. Du må ha gode norskkunnskapar og kunna nytta båe målformene. 
Personlege eigenskapar

Vi trur du kjem til å trivast hos oss om du

  • er strukturert og har evna til å prioritera mellom oppgåver. 
  • er tiltaksam, tek initiativ til forbetringar, leverer kvalitet og bidreg til god framdrift og saksavvikling i domstolen. 
  • handterer stressande situasjonar på ein god måte.
  • kommuniserer godt med publikum, partar og aktørar. 
  • arbeider godt så vel i lag som åleine. 
  • er serviceinnstilt, omgjengeleg og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og kollegaar. 
  • sluttar deg til domstolane sitt ide- og verdigrunnlag og til samfunnsoppdraget vårt. 
  • er open og ærleg. 

 


Vi tilbyr

  • mykje ansvar, varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. 
  • sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaar. 
  • lønn i stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) eller rådgjevar (stillingskode 1434), avhengig av kvalifikasjoner. 
  • eit godt og triveleg arbeidsmiljø i ein kunnskapsorganisasjon. 
  • gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid mm). 
  • pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Spørsmål om stillinga

  • Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med sekretariatsleiar Henriette Hinna, tlf. 55 69 39 73. 
     
  • Opplysningar om domstolen finn du elles på Gulating lagmannsrett si heimeside.

    Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar om å søkja stillinga, utan omsyn til alder, kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Vi vil leggja til rette for tilsette med ulike behov. 

    Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Vi syner til offentleglova § 25 andre ledd som gjer det mogleg å bli tatt ut av søkjarlista.

    Søknaden vert vurdert på bakgrunn av informasjon som er tilgjengeleg når søknadsfristen går ut. Pass difor på å leggja ved all nødvendig dokumentasjon saman med søknaden. Dokumentasjonen bør visa korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er skildra i kunngjeringa.


    Om bedriften

    Gulating lagmannsrett er ankedomstol for Rogaland og Vestland fylke. Gulating lagmannsrett er den nest største lagmannsretten i Noreg. Domstolen har ei samla bemanning på om lag 60 årsverk, av dei er 33 domarar. Lagmannsretten vert leia av ein førstelagmann.  Gulating lagmannsrett har sete i Bergen.

    Nesten halvparten av sakene våre går føre seg i Stavanger. I Stavanger har lagmannsretten eigne kontor og rettssalar. Fram til no har to saksbehandlarar og to  rettsbetjentar fast arbeidsplass i Stavanger. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    57a32f49-30c1-432e-a43b-6428e2c570a9

    Sist endret

    26. mars 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10289023

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser