Hopp til innhold

2 årig prosjektleiar ved Renovasjonen

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Renovasjon

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Delvis hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest mandag 3. august

Ledig 2-årig stilling som prosjektleiar ved renovasjonsavdelinga, 100%.


Er du miljøengasjert, strukturert og har erfaring frå gjenvinningsbransjen? Då kan denne stillinga vere noko for deg!

Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Nye nasjonale krav til sortering og innsamling gjer at me no søker ein prosjektleiar som skal bidra til å effektivisere og tilpasse dagens løysingar i tråd med gjeldande regelverk. 

Prosjektleiar vil ha kontorplass i vårt nye administrasjonsbygg på Lindenes Miljøstasjon, som ligg plassert ved RV13 mellom Odda og Tyssedal. Du blir del av eit team beståande av verksemdsleiar, avdelingsleiar, kundehandsamar og renovatørar.  


Arbeidsoppgåver :

  • Gjennomføre tiltak frå kommunen sin handlingsplan for renovasjon for å auke utsortering og gjenvinning

  • Utarbeide og gjennomføre strategiar for tilpassing av innsamlingssystem for avfall i tråd med nye nasjonale krav

  • Analysere og planlegge for miljømessig og økonomisk effektivisering av arbeids- og innsamlingsrutiner 

  • Informasjonsarbeid 

Andre oppgåver kan bli delegert prosjektleiar etter behov. 


Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Bachelor/mastergrad i tekniske eller miljøretta fag 

  • Erfaring frå gjenvinningsbransjen

  • God kjenneskap til data- og analyseverktøy som excel eller tilsvarande

  • Gode lese- og skriveferdigheiter 

  • Må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg

  • Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel 

  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt


Personlege eigenskapar:

  • Må like å jobbe i team med andre, og ha interesse for fagfeltet

  • Ansvarsbevisst

  • Ha evne og vilje til fleksibilitet

  • Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ.

 

Me tilbyr:
  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Lønn etter avtale

  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor etter avtale

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Sertifikat klasse B
  •  

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Astrid N. Alfredsen

    Konstituert verksemdsleiar

    +47 46819585

    astrid.alfredsen@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    577b3082-802e-4b34-94b3-17a894c7503b

    Sist endret

    24. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3640653_193345_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser