Driftsleiar -- Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal
Sunnmøre friluftsråd
Stettevegen 73, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Er du sjøvant, løysingsorientert og klar for ein meiningsfull leiarjobb i skjergarden?
Skjergårdstenesten i Møre og Romsdal søkjer driftsleiar med ansvar for dagleg drift, båtoperasjonar og samarbeid langs heile kysten. Du blir del av eit lag med dyktige kollegaer, jobbar i noko av den flottaste kystnaturen Noreg har å by på, og møter andre med eit sterkt engasjement for å ta vare på og vidareutvikle dei sjønære friluftsområda.
Arbeidsstaden er hovudkontoret til Sunnmøre friluftsråd (for tida på Digerneset i Ålesund) og om bord i arbeidsbåtane.
Operativt arbeid vil vere spreidd rundt i heile fylket og vil medføre noko reise og logistikk knytt til både arbeidstid og arbeidsstad.
Basisoppgåver i Skjergårdstjenesten- Reparasjon og vedlikehald av bryggeanlegg og annan infrastruktur i statleg sikra friluftsområde
- Sesongarbeid knytt til sikring av badeområde
- Skjøtsel og transport i samband med Statens naturoppsyn
- Skjøtsel av statlege friluftsområde i samarbeid med kommunane
- Strandrydding og samarbeid knytt til marin forsøpling
- Samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar
- Beredskapssamarbeid med andre etatar i skjergarden
- Overordna ansvar for dagleg drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert økonomistyring og rapportering
- Operativ leiing, med aktiv deltaking i praktiske arbeidsoppgåver i skjergarden
- Bidra i basisoppgåvene innan oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding
- Representere Skjergårdstjenesten i dialog med samarbeidspartnarar og myndigheiter
- Utarbeide og sende søknader om tilskot frå statlege, fylkeskommunale og regionale aktørar
- Delta i og bidra til folkehelseprosjekt knytt til sjønært friluftsliv
- Representere tenesta på relevante regionale og nasjonale samlingar
- Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale
- Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6)
- Gyldig tryggleikskurs (STCW)
- Krankurs er ein fordel
- Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel
- Førarkort klasse B (vilje til å utvide til BE)
- Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet
- Erfaring frå maskin/motor og handverksbakgrunn er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Grunnleggande datakunnskap
Vi forventar også at du
- Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel
- Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle
- Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere ein hektisk kvardag
- Er løysingsorientert og serviceinnstilt, og forvaltar ansvaret som følgjer stillinga
- Har gode samarbeidsevner, både internt, i møte med samarbeidspartnarar og i samspel med frivillige
- Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit samfunnsnyttig oppdrag
- Moglegheit til å påverke og forme eigen arbeidskvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer, driftsstyret for Skjergårdstjenesten og dagleg leiar i friluftsrådet
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Gode høve for fagleg utvikling, ansvar og vekst
- Deltaking i regionale og nasjonale fagnettverk
- Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP
Vil du vite meir?
For nærare informasjon, ta kontakt med:
Hans E. Pilskog Dagleg leiar, Sunnmøre friluftsråd tlf.: 90 81 50 35
Christian Ødegaard Konstituert driftsleiar, Skjærgårdstjenesta i Møre og Romsdal tlf.: 45 76 66 66 Søknadsfrist, 3. mai. 2026.
Send søknad og CV digitalt til post@friluftsraadet.no
Om bedriften
Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt oppgåvefellesskap eigd av kommunane på Sunnmøre og Vestnes kommune.
Rådet er blant dei eldste friluftsråda i landet og arbeider for eit berekraftig, inkluderande og naturvennleg friluftsliv, med folkehelse som grunnlag.
Vi fungerer som kompetansesenter for kommunane og arbeider med rådgiving, tilrettelegging og drift av friluftsområde, kurs og aktivitetar, marin forsøpling og Skjergardstenesta i Møre og Romsdal.
Styrking av folkehelsa gjennom aktivitet og inkludering ligg til grunn for alt vi gjer.
Sunnmøre friluftsråd har personal- og økonomiansvar for Skjergardstenesta i Møre og Romsdal.
Tenesta blir driven i tett samarbeid med kommunane i fylket, Fylkeskommunen og vår gode samarbeidspartnar, Nordmøre og Romsdal Friluftsråd.
Skjergardstenesta har eige driftsstyre.
Skjergardstenesta disponerer for tida tre arbeidsbåtar, Rigmor, Havørn og Sandtangen, som er kjerneverktøy i den operative drifta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57409ac8-e2b5-4102-bb7c-ef491bd513b2
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
459747843