Driftsleiar – Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal
Sunnmøre Friluftsråd KO
Stettevegen 73, 6260 Skodje
Om jobben
Er du sjøvant, løysingsorientert og klar for ein meiningsfull leiarjobb i skjergarden? Skjærgårdtjenesten i Møre og Romsdal søkjer driftsleiar med ansvar for dagleg drift, båtoperasjonar. Du blir del av eit lag med dyktige kollegaer, jobb i noko av den flottaste kystnaturen Noreg har å by på.
- Stillingstittel
- Dekksoffiser
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar-
Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6)
-
Gyldig tryggleikskurs (STCW)
-
Krankurs er ein fordel
-
Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel
-
Førarkort klasse B (vilje til å utvide til BE)
-
Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet
-
Erfaring frå maskin/motor og handverksbakgrunn er ein fordel
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
-
Grunnleggande datakunnskap
-
Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel
-
Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle
-
Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere ein hektisk kvardag
-
Er løysingsorientert og serviceinnstilt, og forvaltar ansvaret som følgjer stillinga
-
Har gode samarbeidsevner, både internt, i møte med samarbeidspartnarar og i samspel med frivillige
Arbeidsoppgaver
Basisoppgåver i Skjærgårdstjenesten-
Reparasjon og vedlikehald av bryggeanlegg og annan infrastruktur i statleg sikra friluftsområde
-
Sesongarbeid knytt til sikring av badeområde
-
Skjøtsel og transport i samband med Statens naturoppsyn
-
Skjøtsel av statlege friluftsområde i samarbeid med kommunane
-
Strandrydding og samarbeid knytt til marin forsøpling
-
Samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar
-
Beredskapssamarbeid med andre etatar i skjergarden
-
Overordna ansvar for dagleg drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert økonomistyring og rapportering
-
Operativ leiing, med aktiv deltaking i praktiske arbeidsoppgåver i skjergarden
-
Bidra i basisoppgåvene innan oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding
-
Representere Skjærgårdstjenesta i dialog med samarbeidspartnarar og myndigheiter
-
Utarbeide og sende søknader om tilskot frå statlege, fylkeskommunale og regionale aktørar
-
Delta i og bidra til folkehelseprosjekt knytt til sjønært friluftsliv
-
Representere tenesta på relevante regionale og nasjonale samlingar
-
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale
Vi tilbyr
-
Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit samfunnsnyttig oppdrag
-
Moglegheit til å påverke og forme eigen arbeidskvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer, driftsstyret for Skjergardstenesta og dagleg leiar i friluftsrådet
-
Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
Gode høve for fagleg utvikling, ansvar og vekst
-
Deltaking i regionale og nasjonale fagnettverk
-
Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt oppgåvefellesskap eigd av kommunane på Sunnmøre og Vestnes kommune. Rådet er blant dei eldste friluftsråda i landet og arbeider for eit berekraftig, inkluderande og naturvennleg friluftsliv, med folkehelse som grunnlag. Vi fungerer som kompetansesenter for kommunane og arbeider med rådgiving, tilrettelegging og drift av friluftsområde, kurs og aktivitetar, marin forsøpling og Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal.
Styrking av folkehelsa gjennom aktivitet og inkludering ligg til grunn for alt vi gjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
24de7e38-f3ea-4911-ba86-5a4d51ca50fc
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
24de7e38-f3ea-4911-ba86-5a4d51ca50fc