Hopp til innhold

Helsefagarbeidar, helsefaglege studentar m.m.

Arbeidsgiver

Langtids døgn rusbehandling TSB Molde - G, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Glomstuvegen 50, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar, helsefaglege studentar m.m.
Type ansettelse
Fast, deltid 32%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ledig fast stilling for kvilande nattevakt. Stillinga inngår f.t. i turnus med arbeid kvar 3. helg. Tilsetting er ønskjeleg så snart som mogleg.  

Nattevaktene er organisert i eit team med to tilsette på vakt, ei kvilande og ei aktiv. Teamet skal arbeide ved døgnseksjonen på natt, og er organisert med at den aktive vakta er vaktansvarleg. Turnusen er f.t. lagt opp med omlag ei veke fri mellom kvar arbeidsperiode.

Seksjonen vår er ein døgnseksjon i Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. 

Vi har 15 sengeplassar. Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med legale og illegale rusmiddel, ofte med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med følelsesregulering og traumelidningar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg samansett og inkluderer legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning. Seksjonen vår tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten og har de siste årene implementert traumebehandling (Narrativ eksponeringsterapi) og  DBT ( Dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innbefattar gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptatt av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnere for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane. 


Arbeidsoppgåver

Nattevaktsteamet vårt skal:

  • Vere tilstade og ha kontroll over innlagte pasientar
  • Ha tilsyn, kontroll og vurdering av behov for ytterlegare helsehjelp
  • Tilrettelegge og utøve legemiddelhandtering 
  • Dokumentere i journal ved spesielle hendingar  
  • Ivareta sikkerheita på avdelinga om natta 
  • Utøve forefallende rutinearbeid 
  • Ivareta tryggheit og sikkerheit for kvarandre. Kvilande nattevakt skal vekkast og hjelpe til i situasjonar der det er behov.

Kvalifikasjonar

  • Vidaregående utdanning innanfor helse og sosial eller anna relevant utdanning
  • Helse- og sosialfaglege studentar er også velkomen til å søkje
  • Ønskjeleg med erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god relasjonsbyggar
  • Du er trygg, ansvarsbevisst og positiv
  • Du har god skriftleg framstillingsevne
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du er god til å samarbeide men kan samstundes jobbe godt sjølvstendig

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Internundervisning, rettleiing og eigne fagdagar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Marianne Haug Johansen, Seksjonsleiar, marianne.haug.johansen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Glomstuvegen 50
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5059988143
Stillingsprosent: 32%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Haug Johansen

Seksjonsleiar

marianne.haug.johansen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5721b76d-41ee-4f1a-908f-b9978e3ea166

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2b6b051cb6d14ff582784d4c98beff03

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Molde