Hopp til innhold

Vil du jobbe med moderne biologisk behandling som ECT og TMS?

Arbeidsgiver

Avdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrka kompetansen din.

Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om – og levere – behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar.

Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2026 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram.

Arbeidsdagen er variert, med særleg høg aktivitet på morgonøktene når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar.

Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss!


Kva går jobben ut på?

  • Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp.
  • Delta i små team som samarbeider med kommunale tenester og andre fagmiljø.
  • Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Må ha:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
  • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskelig, men vi gir opplæring i prosedyrer for ECT og TMS.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS.

Ønskjeleg:

  • Erfaring med ECT og/eller TMS (ikkje krav).
  • Kva ser vi etter hos deg?

    • Lagspelar: Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
    • Fleksibel: Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
    • Læringsorientert: Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
    • Kommunikativ: Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal.

    Kva tilbyr vi?

    • God opplæring og tett oppfølging i oppstarten.
    • Eit fagmiljø som satsar på evidensbasert behandling.
    • Moglegheit til å styrke din kompetanse innan biologisk behandling.
    • Varierte dagar med kombinasjon av sjølvstendig arbeid og teamoppgåver.

    IA‑arbeidsplass med fokus på inkludering og godt arbeidsmiljø.


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Aarvik, Konst. funksjonsleiar, 48185038, elisabeth.aarvik@helse-fonna.no
    Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5047508318
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 15.12.2025

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    56f0b7ab-0ded-44f2-a21a-d0ea89d3819e

    Sist endret

    16. desember 2025

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    720ceac266ed4099a803c67ff535c0f8

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser