Rådgjevar Eigedom
Voss herad Bygg og eigedom
Uttrågata 9, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 21. august
Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.
Innhald i stillinga:Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak.
Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgang av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege problemstillingar knytt til eigedomsgrenser, hefter, kontraktsvilkår, reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og anna relevant lovverk.
Me ynskjer at du har:- Høgare utdanning innan relevante fagområde, som eigedomsforvaltning, juss, ingeniørfag eller liknande. Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.
- Gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk-
- God digital kompetanse, gjerne motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar/verktøy
- Førarkort klasse B
- Ein lagspelar med evne til å skapa tillit og fremje positive samarbeid, både internt og eksternt.
- Motiverande og engasjert, og triggast av samarbeid, kommunikasjon og utvikling av gode relasjonar.
- Systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.
- Me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me oppmuntrar til samarbeid og gjensidig vekst.
- Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon, utvikling og implementering av nye løysingar for å møte framtidas utfordringar.
- God tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling, inkludert moglegheit for deltaking på kurs, nettverksbygging og kontinuerleg læring.
- Fleksibilitet til å påverka sjølve stillinga og arbeidsdagen, slik at du kan forme ei arbeidskvardag som passar deg.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med deltaking i spennande prosjekt som utviklar både fagkompetanse og problemløysingsevner.
- Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.
- Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der våre tilsette reflekterer breidda i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, etnisk bakgrunn eller kulturell erfaring.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentligheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5625c352-6b39-4d4c-a2b4-2c63525d069a
- Sist endret
7. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3644337_212357_nn