Rettleiar Nav
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar Nav
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. september
Om stillinga
Nav Vaksdal har frå snarast ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Den som blir tilsett, blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, og får arbeidsplass i Heradshuset på Dale.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, fremje overgang til arbeid, og hjelpe den enkelte til å vere sjølvhjelpen.
- Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosialetenester, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgjeving og økonomisk rettleiing.
Arbeidsretta oppfølging for eigne brukarar
Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs.
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning frå universitet eller høgskule kan bli vurdert.
- Anna relevant kompetanse og erfaring kan ved behov blir vurdert.
- Gode datakunnskaparog kjennskap til Office 365
- Førarkort kl B
- God kommunikasjonsevne og god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Det er ynskjeleg at du har:
- Erfaring frå tilsvarande arbeid
- Kjennskap tilarbeidsmarknaden lokalt og regionalt
- God økonomisk forståing
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som
- Har evne til å motivera og skapa tillit
- Er løysingsorientert
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt – sjølvstendig og i team
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ed0fa14d-77d9-45d0-9107-cf0594612602
- Sist endret
13. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10305683