Hopp til innhold

Lærarstilling Sandane skule

Arbeidsgiver

Oppvekst, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærarstilling ved Sandane skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sandane skule har ledig 100 % stilling for lærar i perioden d.d og fram til 31.07.2027.

Det kan vere rom for delstillingar. 
Sandane skule er ein fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 290 elevar. 43 tilsette. 

Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema. 

Administrasjonsmålet er nynorsk. 


Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • Kvalifikasjonar

    Vi ønskjer lærarar som har:
    • godkjend pedagogisk utdanning
    • spesialpedagogisk kompetanse
    • kompetanse i grunnleggande norsk
    • digital kompetanse
    • god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
    • undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar

    Personlege eigenskapar

    • evne til samarbeid og bidrag til godt arbeidsmiljø
    • relasjonskompetanse
    • inkluderande klasseleiing

    Vi tilbyr

    • løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
    • variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
    • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Kontaktinformasjon

    Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, +47 913 31 262

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5052981748
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Søknadsfrist: 04.01.2026

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5609870e-75db-49e1-bf38-e9e0551ed7de

    Sist endret

    5. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    efe11b03200a4fdcb7683baa557af9ad

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser