Hopp til innhold

Sommarjobb Sandane

Arbeidsgiver

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Sted

Grandavegen 7, 6823 Sandane

Om jobben

Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Vil du ha ein sommarjobb der du møter kundar ansikt til ansikt og får innsikt i korleis bank fungerer i praksis? 

No søkjer vi sommarvikar til kontoret vårt på Sandane. Stillinga gjeld arbeid tysdag – torsdag kl 09.00-15.00, gjennom heile sommaren. Her blir du ein del av eit lokalt bankmiljø med tett kontakt med kundane våre og ein variert arbeidskvardag. 

Du vil jobbe med daglige banktjenester og kundemottak. Det betyr at du er eit viktig kontaktpunkt for kundane som kjem innom kontoret. 

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: 
  • ta imot og rettleie kundar i kundemottaket 
  • hjelpe med banktjenester som konto, kort og betaling 
  • rettleie kundar i bruk av digitale løysingar 
  • handtere enkle førespurnader og sørgje for vidare oppfølging ved behov 
  • bidra til orden og struktur i den daglege drifta på kontoret 

Dette er ei rolle for deg som likar å møte folk, trivst med ansvar og ønskjer å vere eit positivt ansikt utad for banken. 

Kven ser vi etter 

Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, strukturert og trygg i møte med ulike typar kundar. Du kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg, og handterer digitale verktøy på ein god måte. 

Du tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg til eit godt samarbeid på kontoret. Erfaring frå service eller kundearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Du får nødvendig opplæring. 

Vi ønskjer at du kan jobbe tysdag – torsdag heile sommaren, og evt ved behov.  

Hos oss blir du ein del av den daglege drifta på kontoret på Sandane. Du jobbar saman med erfarne kollegaer og får oppgåver som betyr noko i kvardagen. 

Ein sommarjobb hos oss gir deg innsikt i korleis bank fungerer frå innsida og erfaring du kan ta med deg vidare. 

 
Arbeidsstad: Sandane 

 
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med banksjef Odd Kjetil Tonning.  

 

Kontaktperson for stillingen

Odd Kjetil Tonning

Banksjef

481 67 062

odd.kjetil.tonning@ssf.no

Om bedriften

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

09578391-d590-4ec8-af5c-541b736a70ec

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

629907f6250f432985b45432b6a2268c

Lignende annonser