Hopp til innhold

Leiar for HR- og kommunikasjon

Arbeidsgiver

Kommunedirektør, Sande kommune

Sted

Rønnebergplassen 7, 6084 Larsnes

Om jobben

Stillingstittel
Leiar for HR- og kommunikasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med å utvikle ein kommune i endring?

Sande kommune søkjer ein strategisk, samlande og utviklingsorientert leiar for HR- og kommunikasjon. Dette er ei sentral leiarstilling i kommunedirektøren si leiargruppe, med ansvar for to viktige stabsområde som støttar heile organisasjonen. Sande kommune deltek i utgreiingar av interkommunale samarbeid og har eit kommunestyrevedtak på utgreiing av kommunesamanslåing.

 

Som leiar for HR-avdelinga og kommunikasjonsavdelinga vil du spele ei nøkkelrolle i å utvikle kommunen som arbeidsgivar, bygge ein tydeleg og open kommunikasjon internt og eksternt, og sikre profesjonell støtte til leiing og einingar i tråd med kommunen sine mål og verdiar. Stillinga er ledig frå 1. mai 2026.


Arbeidsoppgåver

HR

Du har overordna ansvar for at kommunen har gode arbeidsgivarstrategiar og profesjonelle HR-tenester. Dette omfattar blant anna:

  • strategisk arbeidsgivarpolitikk og organisasjonsutvikling
  • rekruttering, kompetanseutvikling og etterleving av lov- og avtaleverk
  • leiarskapsutvikling og rådgiving til leiarar i heile organisasjonen
  • systematikk i medarbeidaroppfølging, arbeidsmiljø og nærvær
  • vidareutvikling av HR-prosessar 
  • partssamarbeid og dialog med tillitsvalde og verneteneste
 

Kommunikasjon

Du har ansvar for å utvikle og følgje opp kommunens kommunikasjonsstrategi og sikre god informasjonsflyt. Dette omfattar blant anna:

  • strategisk kommunikasjonsrådgiving til kommunedirektøren og leiargruppa
  • ekstern og intern kommunikasjon, inkludert drift og utvikling av kommunen sine digitale kanalar
  • krisekommunikasjon og støtte i beredskapsarbeid
  • mediekontakt, omdømebygging og proaktiv kommunikasjon
  • utvikling av klarspråk og gode informasjonsrutinar i organisasjonen
  • følge opp digitale leveranser til organisasjonen
 

Om stillinga

  • Du rapporterer direkte til kommunedirektøren og inngår i leiargruppa.
  • Du har personal-, budsjett- og fagansvar for HR- og kommunikasjonsavdelinga.
  • Du skal bidra til heilskapleg leiing og godt samspel på tvers av einingar og fagområde.
  • Du får stor moglegheit til å påverke utviklinga av kommunen som organisasjon og samfunnsaktør.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • relevant høgare utdanning, minimum 3-årig høgskule
  • erfaring frå HR
  • erfaring frå kommunikasjonsfeltet, men ikkje eit absolutt krav
  • god forståing for offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
  • erfaring med leiing
  • god strategisk forståing og evne til å sjå heilskap
  • trygg rolleforståing, høg integritet og gode relasjonelle evner
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • er tydeleg, samlande og relasjonsbyggande
  • er utviklingsorientert og trygg i endringsprosessar
  • kommuniserer klart og skapar tillit
  • jobbar systematisk og har god rolleforståing
  • handterer både strategiske og operative oppgåver

Vi tilbyr

  • ei sentral leiarstilling i ei kommune i utvikling
  • høve til å påverke viktige strategiske område
  • dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø
  • lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Renathe Rossi, kommunedirektør

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 7
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5074015584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Renathe Rossi

kommunedirektør

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

54ef86ba-1942-419e-8a34-0451ffc7051f

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

48eb26d635be4fd392edc16e0f111c43

Lignende annonser