Hopp til innhold

Kommunikasjonsansvarleg

Arbeidsgiver

Administrasjon, Sande kommune

Sted

Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes, Rønnebergplassen 7, 6084 Larsnes

Om jobben

Stillingstittel
Kommunikasjonsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Sande kommune har ledig fast stilling som kommunikasjonsansvarleg i kommunikasjonsavdelinga. Stillinga er ledig frå 01.05.2026.

Kommunikasjonsavdelinga har eit viktig ansvarsområde i kommunen. Avdelinga er ei av fire avdelingar innan kommunen sitt stabsområde. Dei andre er HR, økonomi og plan- og næring. Kommunikasjonsavdelinga er lokalisert på rådhuset på Larsnes og har god samhandling med HR-avdelinga og Frivillighetssentralen. Avdelingane har felles leiar. 

Kommunikasjonsavdelinga arbeider mellom anna med: innbyggardialog, sentralbord, intern kommunikasjon, arkiv og sakshandsaming, politisk sekretariat, støttefunksjonar for administrasjon og leiing. Avdelinga har ei sentral rolle i å sikre openheit, kvalitet og god samhandling i og utanfor organisasjonen. 

Vi søkjer ein person med god digital kompetanse og interesse for kommunikasjon, som vil arbeide med tekst, foto og innhald på heimeside, sosiale medium, intranett, i kombinasjon med strategisk og administrativt arbeid.


Arbeidsoppgåver

  • bidra til å utvikle og følgje opp kommunen sin kommunikasjonsstrategi
  • arbeide strategisk og praktisk med internkommunikasjon og innbyggarkommunikasjon
  • støtte kollegaer innanfor kommunikasjonsfaglege spørsmål
  • delta i relevante interkommunale faggrupper
  • delta i daglege administrative oppgåver i avdelinga
  • delta i utviklingsarbeid og forbetring av rutinar og digitale løysingar

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på bachelornivå (lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
  • god digital kompetanse og interesse for digitale kommunikasjonskanalar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
  • Det er ein fordel om du har erfaring med Indesign, Photoshop eller Premier pro. 

Personlege eigenskapar

  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • er utviklingsorientert og tenkjer strategisk
  • har god samarbeidsevne og likar å støtte og rettleie kollegaer
  • er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • ei spennande og samfunnsnyttig stilling i ein kommune i utvikling
  • varierte arbeidsoppgåver med både strategisk og operativt innhald
  • godt fagmiljø og engasjerte kollegaer
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Karen-Marie Hjelle, leiar, +47 92178280

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 7
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5071707877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Karen-Marie Hjelle

leiar

+47 92178280

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2df69090-408c-43a1-8c4d-edda2e6fa91b

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4be3edd04c324ea0b358632bf6b6e2b0

Lignende annonser

Administrasjonsleder

Arbeidsgiver

Kristiansund kommune Legetjenester

Sted

Kristiansund N