Hopp til innhold

Sjøvakt 2:4 turnus

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39, 5561 Bokn

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Arsvågen-Mortavika
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi maskinsjefar som ønsker å vere med på den nye ordninga. 

Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.
 
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.
 
Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.


Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. 

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat M1
  • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Sjøvakt med ordning 2 veker på og 4 veker fri, 98 timars veke. 
  • Du bur om bord i arbeidsperioden.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, +47 92880859, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5143468913
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

+47 92880859

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5467743f-cb72-414b-9ac9-2b40c2739649

Sist endret

11. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

49d2e355f5eb44f6b010269a81d371fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser