Hopp til innhold

Sjøvakt 2:4 turnus

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39, 5561 Bokn

Om jobben

Stillingstittel
Skipsmotormekanikar i sambandet Arsvågen-Mortavika
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi skipsmotormekanikare som ønsker å vere med på den nye ordninga. 

Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.

Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.

Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.


Arbeidsoppgåver

  • Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste).
  • Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga.
  • Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
  • Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
  • Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord.
  • Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift.
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin. 
  • Bidra til at fartøyet oppnår sine målsettingar, herunder ISO 50001 og fartøyets seemp-mål.

Kvalifikasjonar

  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker 
  • Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig


Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
  • Sjøvakt 2 veker på og 4 veker fri, 98 timars arbeidsveke.
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5143471372
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

398ddca4-61d9-4fd1-a998-e5fa4b83795e

Sist endret

11. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ed95b9a7234c426abdf26e7a1c8d85e2

Lignende annonser

Laster lignende annonser