Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Borsheim barnehage

Sted

Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe, Solavegen 1, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Oppstart
7. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. april

I Borsheim barnehage har me ledig 100 % vikariat som barne-og ungdomsarbeider stilling frå 7.4.2026. til 23.10.2026 - med moglegheit for forlenging. Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan personar med ynskje om å ta fagbrev eller med erfaring som assistent frå arbeid i barnehage bli vurdert. 

Borsheim barnehage har 4 avdelingar og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er det kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein naturleg plass for leik, læring og utvikling. 

Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og at heile personalgruppa deltek i felles utviklingsprosessar. Mer er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut i barnehagen. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auka relasjonskompetansen og kvaliteten på samspelet med barna. 

Me har eit stort fokus på trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, ASK og eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremmande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.

Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.

Intervjuprosessen vil foregå fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging av gjennomføring av det pedagogiske arbeidet i tråd med gjeldande lovverk og planar
  • Medverka til at barnehagens innheld og verksemd held ein høg fagleg kvalitet
  • Bidra til eit godt samarbeid i perosnalgruppa, med føresete og andre innstansar
  • Delta aktivt i leik med barna både inne og ute

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar
  • Land og relevant erfaring kan og vurderast
  • Gode norkskunnskapar (muntleg og skriftleg)
  • Ved anna morsmål enn norsk er det krav om dokumentasjon språknivå 1
  • Gode digitale kunnskapar
  • Godkjent politiattest må føreligga før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for og ynskje om å arbeide for barnas beste
  • Du har blikk for barnas leik og er aktiv i lag med barna i leiken inne og ute
  • Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god på å arbeida sjølvstendig og i team
  • Du ser på barn og føresette med respet, viser omsorg, glede og er fleksibel
  • Du er raus og byr på deg sjølv
  • Du har god evne til å samarbeide med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du har fokus på nærvær

Vi tilbyr

  • Spanande pedagogiske utfordringar
  • Ein variert og innhaldsrik kvardag
  • Stabilt personale og godt arbeidsmiljø med mykje latter og glede
  • Fadderordning
  • Klesgodtgjørelse
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordningar i KLP
  • Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons og forsikringsordnignar. Tilsetjing skjer på dei vilkå og med dei plikter som kjem fram i utlysninga, og til dei einkvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.

Kontaktinformasjon

Karen Norstein Danielsen, Styrar, +47 40488031

Arbeidsstad

Nordsjøvegen 230
4352 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5096838629
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 07.04.2026
Sluttdato: 23.10.2026
Søknadsfrist: 27.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Karen Norstein Danielsen

Styrar

+47 40488031

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

53b38328-a4d4-4e01-9592-3eaa97b02015

Sist endret

18. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

742ed616af4940b19e3d4182841832ef

Lignende annonser

Laster lignende annonser