Hopp til innhold

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Stord DPS/BUP, Stord Sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Oppstart
4. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Vi har ledig 1-års vikariat frå 01.04.26 som psykolog, eller psykologspesialist, i allmennteamet ved poliklinikken vår.

Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF.

Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Vi er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. 

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. Vi har implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande).

Du er velkommen til å søkje hos oss.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing til samarbeidspartnarar
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid)
  • Ved spesialist: Spesialistoppgaver, t.d. rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP, eller arbeid med individualterapi i kommunal regi
  • Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod
  • Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø - som er høgt prioritert ved SDPS!
  • er strukturert og har ein sterk gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Vi tilbyr

  • Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          

Kontaktinformasjon

Øydis Grov, Funksjonsleiar, 97084406, oydis.grov@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5088169690
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.04.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Øydis Grov

Funksjonsleiar

97084406

oydis.grov@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

53726ae4-d4cf-41d9-a57e-d85f43915e85

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c528f4f5203b42cd906c42cb6419efcf

Lignende annonser