Hopp til innhold

Helgevakt stillingar Rus- og psykiske helsetenester

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Helgevakt stillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Omtale av stillinga 

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter assistent i to helgestillingar. 

20% stilling fredag, laurdag og søndag kvar 3.helg 

30 % stilling, 12 timarsvakter fredag, laurdag søndag kvar 3.helg. 

Arbeidsstad i Rosendal, ved Borgjo Bufellesskap 

Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. 

 

Kvalifikasjonar 

- Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon. 

- Førarkort klasse B. 

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg. 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga. 

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

Husk å oppgje referansar eller ta med til intervju.  

 

Vi tilbyr

- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

- Dekking av flytteutgifter etter nærmare reglar.

- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

- Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.

- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Linn Stene Hellås

+47 95960651

linn.stene.hellaas@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

72f50b1c-7ef9-4d4c-b3a4-8de9e3a0df18

Sist endret

25. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3600247_225957_nn

Lignende annonser