Vil du vere med å utvikle Jettegryto barnehage i Bjørnafjorden kommune?
Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage
Brakabygda 49, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent Jettegryto barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Vi har ledig inntil 200 % fast stilling som fagarbeidar/assistent i Jettegryto barnehage frå 01.08.26.
Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Jettegryto barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på ASK i kvardagen. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
Arbeidsstad
Jettegryto er ein 4-avdelings barnehage som ligg sentralt til i Eikelandsosen med mange ulike fasilitetar i nærleiken, som Fjorden Arena, kunstgrasbane, bondegard, fleire leikeplassar, symjehall, butikkar, bibliotek og flotte turar til både skog, vatn og sjø.
Avdelingane har namn etter naturelement som er forbunde med jettegryter. Vi har to småbarnasavdelingar; Skarvet og Juvet i aldersgruppa 1-2 år. Så har me to storbarnsavdeling; Fossen og Hålo med barn i alderen 3-5 år. Det er 16 tilsette og 69 barn.
Jettegryto barnehage er ein barnehage med eit rikt mangfald frå ulike nasjonar og vi er ein livleg gjeng som finn på mykje kjekt saman.
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
- Er leiken, tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5353fb3b-f1c3-45e4-ad0a-9a1830e514b5
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3599461_207813_nn
Lignende annonser
Barnehagelærarar Jettegryto barnehage
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage
Sted
Eikelandsosen
Arbeidsgiver
Øyjorden barnehage, Bergen kommune
Sted
Bergen
Barne- og ungdomsarbeider/assistent
Arbeidsgiver
Nordeide barnehage, Bergen kommune
Sted
Søreidgrend