Hopp til innhold

Vil du vere med å utvikle Jettegryto barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage

Sted

Brakabygda 49, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærarar Jettegryto barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Vi har ledig inntil 200% fast stilling og 100% vikariat som barnehagelærar i Jettegryto barnehage frå 01.08.26.

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på ASK i kvardagen. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidsstad 
Jettegryto er ein 4-avdelings barnehage som ligg sentralt til i Eikelandsosen med mange ulike fasilitetar i nærleiken, som Fjorden Arena, kunstgrasbane, bondegard, fleire leikeplassar, symjehall, butikkar, bibliotek og flotte turar til både skog, vatn og sjø.
Avdelingane har namn etter naturelement som er forbunde med jettegryter.  Vi har to småbarnasavdelingar; Skarvet og Juvet i aldersgruppa 1-2 år. Så har me to storbarnsavdeling; Fossen og Hålo med barn i alderen 3-5 år.  Det er 16 tilsette og 69 barn.
Jettegryto barnehage er ein barnehage med eit rikt mangfald frå ulike nasjonar og vi er ein livleg gjeng som finn på mykje kjekt saman.

Arbeidsoppgåver
- Å jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
- Å delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og tilsette.

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. 

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Styrar Line Ragnhildstveit

+47 482 65 155

lira@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

25115cf9-7359-4ec2-988c-1699bc8d9f03

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3599441_207813_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kniksens plass barnehage, Bergen kommune

Sted

Bergen