Hopp til innhold

Vil du skape nye moglegheiter for ungdom?

Arbeidsgiver

Nav Bjørnafjorden // Region Midthordland

Sted

Holtbrekka 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar ungdom Nav Bjørnafjorden
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Hos Nav Bjørnafjorden får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for unge menneske og for samfunnet. Som ungdomsrettleiar blir du ein del av vårt engasjerte ungdomsteam, og du får ansvar for å følgje opp ungdom under 30 år slik at dei kjem i utdanning eller arbeid. Ungdom er ei høgt prioritert målgruppe i Nav, og gjennom ungdomsgarantien sikrar vi tett og målretta oppfølging for dei som treng det mest. Nav Bjørnafjorden er del av region Midthordland, og vi samarbeider godt med kommunane i regionen for å gi brukarane våre dei beste tenestene.

Nav Bjørnafjorden har moderne og funksjonelle lokale i Os Næringspark, tilpassa ein aktivitetsbasert arbeidsplass med fokus på samarbeid og fleksibilitet. Kontoret består av engasjerte medarbeidarar fordelt på fleire avdelingar, og saman utgjer vi region Midthordland i Nav Vestland – eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for gode tenester til innbyggjarane våre.

Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på? 

  • arbeidsretta oppfølging av brukarar opp til 30 år
  • kartleggje brukaren sine ressursar og oppfølgingsbehov, og motivere til arbeid 
  • sjølvstendig ansvar og oppfølging av eigen portefølje
  • samarbeid med arbeidsgivarar og andre partar som er viktige for brukaren sitt mål om arbeid
  • nettverksbygging og samarbeid med sentrale instansar rundt ungdommane

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

  • høgare relevant utdanning på bachelornivå til dømes innan helse og sosialfag samfunnsvitskap og juss. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye dataverktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne   

Det er ein fordel om du har

  • førerkort klasse B
  • erfaring frå arbeid med ungdom
  • erfaring frå rettleiingsarbeid og å jobbe med menneske

Kva ser vi etter hos deg

  • jobbar strukturert og målretta
  • er fleksibel og omstillingsdyktig
  • er ein god lagspelar
  • klarar å arbeide effektivt i eit hektisk miljø med krav til fristar og resultat  

Kvifor velje oss

  • ein meiningsfull og utfordrande jobb innan eit viktig samfunnsområde
  • engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • tilsetjing på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 622 000 - 660 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Line Solheim, Regionleder, 458 12 959, Line.Naterstad.Solheim@nav.no

Arbeidssted

Holtbrekka 7
5200 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5065374896
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

53359fdc-8c5e-4757-8922-68d9a1f1f5f7

Sist endret

31. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e83ebcb9725e4d78a81d3535be5912b9

Lignende annonser

Landsbyrettleiar 100% fast

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Familiehjelpa

Sted

Straume